– Veldig overraska over resultatet, seier fylkesleiar i KrF

VESTNES (NRK): Fylkesleiar Randi Walderhaug Frisvoll i Møre og Romsdal er veldig overraska over at det blei nærast dødt løp då fylkesårsmøtet i KrF stemte over regjeringsalternativ laurdag.

SE DIREKTE: Fylkesårsmøte i Møre og Romsdal KrF

Fylkesleiaren har markert seg med motstanden mot å følgje rådet frå KrF-leiar Knut Arild Hareide, om å søkje samarbeid med Arbeidarpartiet og Senterpartiet. Og det var mange som på førehand trudde at det tradisjonelt konservative fylkeslaget kom til å sende flest blå delegatar til årsmøtet 2. november.

Men laurdag ettermiddag var det klart at det er nesten dødt løp på fylkesårsmøtet i Møre og Romsdal: 40 delegatar støttar Ap-regjering, 41 delegatar støttar Høgre-regjering og 43 vil bli verande i opposisjon.

– Ja, eg er veldig overraska, seier Frisvoll.

Fekk gjennomslag for forslag

Det er stortingsrepresentantane Steinar Reiten og Hans Petter Grøvan som har foreslått at KrF skal seie nei til regjeringssamarbeid og bli verande i opposisjon. Dei meiner at tidspunktet er feil og dei fryktar også eit splitta parti dersom det blir valt side.

Steinar Reiten på fylkesårsmøtet i KrF

Stortingspolitikar Steinar Reiten vil at KrF skal seie nei til regjeringssamarbeid og bli verande i opposisjon. Resultatet laurdag ettermiddag blir tolka som ein siger for den linja.

Foto: Trond Vestre / NRK

Den siste veka har Reiten/Grøvan-alternativet gradvis vunne terreng, og på fylkesårsmøtet i Møre og Romsdal trekte dette alternativet det lengste strået.

– Det er eg sjølvsagt glad for. Det viser at mange i Møre og Romsdal meiner KrF representerer eit sentrumsalternativ, ein tredje veg i norsk politikk, og at KrF bør vareta den rolla, seier Reiten.

12 delegatar – ein vil stemme blankt

Fylkesårsmøtet i Møre og Romsdal KrF valde 12 delegatar til landsmøtet 2. november.

Fire av desse støttar regjeringssamarbeid med dagens regjering, fire støttar partileiar Knut Arild Hareide og fire ønskjer å vere i opposisjon.

Men blant dei som seier nei til regjeringssamarbeid er det valt to delegatar som har Erna Solbergs regjering som sitt andreval, ein støttar Hareide subsidiært medan Ingunn Karijord frå Sunndal insisterer på å stemme blankt.

Randi Frisvoll (blå)
Knut Støbakk (blå)
Henning Holsvik (blå)
Ellen Schiøtt (blå)

Arne Magnus Aasen (raud)
Rigmor Andersen Eide (raud)
Marit Sæverud (raud)
Tore Johan Øvstebø (raud)

Harry Valderhaug (blått andreval)
Svein Roset (blått andreval)
Simon Molvær Grimstad (raudt andreval)
Ingunn Karijord (ønskjer å stemme blankt)

– Siger for Hareide

Fylkesleiaren i Møre og Romsdal meiner resultatet er ein klar siger for Knut Arild Hareide.

– Han har blitt sett på som litt vinglete før, no har han sett ned foten, og det står det veldig stor respekt av, seier Frisvoll.