NRK Meny
Normal

– Vekta går opp for kvar månad eg er matminister

Jon Georg Dale er i ferd med å jobbe seg opp røynsle nok til å bli rekna som ein av tungvektarane i politikken. No vedgår matministeren at tida som statsråd har ført til at kjøtvekta også har auka.

Jon Georg Dale på World Cheese Awards i London

Jon Georg Dale deltek på World Cheese Award i London.

I desse dagar er Jon Georg Dale i London, der det går føre seg eit oste-VM, og der Kraftkar frå Tingvoll er både tittelforsvarar og ein av favorittane.

Ifølgje eige utsegn er Dale sjølv i ferd med å bli ein kraftkar.

– Eg har nok gått opp ein kilo i månaden omtrent, sidan eg blei landbruks- og matminister.

Høyr Jon Georg Dale fortelje om utfordringane livet som landbruks- og matminister gir.

Dale gjer som fleire av oss, og set av fredagskveldane til litt god mat.

– Ho er bur saman med er nok litt uroa for vekta mi, for det blir nok både ostefat og spekemat jamt og trutt. Men eg har funne ut at det er lettare å byrje og trene enn å slutte og ete.

Matminister Jon Georg Dale og Signe Nydal

Då Signe Nydal sine raspeballar blei kåra til landets beste, måtte matministeren smake.

Foto: Mattias Bergset

På det viset har han nok likevel ikkje gått så veldig opp i vekt som statsråd. Men fristelsane og utfordringane står i kø. For kva kan ein matminister gjere når fata med lokalprodusert mat blir presentert?

Er svak for lokal mat

– Til VM er det med om lag 40 norske ostar. Nokre av dei har eg smakt på før eg reiste over til London, andre for eg ta for meg medan eg er her.

Dale vedgår at både ostane og meir til fell i smak.

– Der er eit heilt enormt utval av lokale ostar som er på veg inn på den norske marknaden, og med heilt utruleg kvalitet. Lokalmaten har hatt ein kraftig vekst i daglegvaremarknaden og stadig fleire koplar lokalmat og reiselivssatsing.

Sjefen for det heile er altså Jon Georg Dale, landbruks- og matminister. Og det hadde vel vore ein dårleg sjef om han ikkje gjorde seg kjent med matvarene som er på marknaden?

Kokkekamp under Tråante 2017

Ikkje berre smake, men lage og. Jon Georg Dale kvir seg ikkje for å vere med i ein kokkekamp.

Foto: Malin Sveinsdotter Lystad / NRK