Hopp til innhold

– Veit ikkje kven som la torturskuldingar på Twitter-kontoen til Nordmørslista

Toppkandidat til stortingsvalet, Steinar Wiik Sørvik (Nordmørslista), forsvarar at han kallar politikken til Else May Botten (Ap) for tortur. No vil politikarane i Møre og Romsdal ta eit oppgjer mot sjikane og trakassering i valkampen.

Steinar Wiik Sørvik

Steinar Wiik Sørvik er toppkandidat for Nordmørslista. No har han terga på seg fleire politikarar med å bruke karakteristikken tortur på det politiske arbeidet til Else May Botten. Biletet er frå 2005.

Foto: Alf Ove Hansen / NTB scanpix

Debatten om det politiske debattklimaet tok fyr då listetoppen i Nordmørslista, Steinar Wiik Sørvik, karakteriserte attvalet av stortingsrepresentant Else May Botten i sentralstyret i Arbeidarpartiet for tortur. Facebookposten med skuldingane om tortur blei først delt på i ei lukka gruppe på Facebook. Seinare blei posten delt på Nordmørslista sin opne Facebook-konto.

– Skulle ikkje ut offentleg

NRK var i kontakt med Steinar Wiik Sørvik tidleg torsdag, medan han var på veg til eit møte i retten. I denne samtalen forsvarte Wiik Sørvik at han hadde publisert Facebook-posten.

Posten blei publisert i ei lukka gruppe på Facebook og var ikkje meint for det offentlege rom. Eg veit ikkje kven som har publisert dette vidare på Twitter-kontoen til Nordmørslista, seier Wiik Sørvik.

Laster Twitter-innhold

– Utruleg at dette kan kallast tortur

Else May Botten seier sjølv til NRK at ein slik måte å omtale politiske motstandarar på ikkje samsvarar med måten ein skal behandle kvarandre på i samfunnet.

– I politikken brukar vi å diskutere sak. Her er det nokon som går til personangrep på ein ganske spesiell måte. Det er heilt utruleg at nokon kan kalle det å bli vald inn i eit sentralstyre for tortur, seier Botten.

Botten seier at Steinar Wiik Sørvik har teke debatten inn på eit nytt nivå. Ho har denne karakteristikken av ordbruken.

– Det er rett og slett dårleg folkeskikk. Eg trur verken Mørebenken eller andre parti meiner at det er på denne måten vi skal kommunisere. Sørvik har aldri hatt nokon samtale med meg nokon gong. Så dette er litt spesielt, seier Botten.

Tove Lise Torve Iver Nordseth opprop

Initiativtakar Tove Lise Torve (Ap) medan Iver Nordseth (V) signerer oppropet.

Foto: Trond Vestre / NRK

Opprop mot trakassering og sjikane

Torsdag signerte alle gruppeleiarane i fylkestinget i Møre og Romsdal eit opprop mot det dei kallar sjikane og trakassering i valkampen.

– Vi ser ein tendens i sosiale medium at ordbruken er til dels grov og stygg og at det blir teke i bruk personsjikane. Utspelet frå Steinar Wiik Sørvik er ein del av bakteppet for initiativet. Den som er folkevald og den som har ambisjonar om å bli folkevald har eit særleg ansvar for å vareta debattklimaet i demokratiet Noreg, seier Torve.

Torve omtalar utspelet til Steinar Wiik Sørvik som personhets og sjikane. Ho kallar utspelet for trist.

– Brukar hersketeknikkar

I samtalen med Wiik Sørvik seier han at arbeidarpartirepresentantar brukar hersketeknikkar når dei no reagerer på måten han uttrykkjer meiningane sine i sosiale medium.

NRK har forsøkt å få ein intervjuavtale med Steinar Wiik Sørvik. Han har vore oppteken i retten, og dette har så langt ikkje late seg gjere. Wiik Sørvik skal vere tilgjengeleg for ein kommentar fredag.