NRK Meny
Normal

– Veit for lite om fisken i havet

Fiskebåtreiarane meiner at mangel på kunnskap om fisken i havet fører til feil kvotefordeling. No vil dei ha meir pengar til forsking.

Skreitokt 2012

Noreg hentar opp fisk i store mengder. Og organisasjonen Fiskebåt meiner Noreg satsar for lite for forsking.

Foto: Gunnar Sætra/Havforskningsinstituttet

Torsken er kanskje den fisken vi kjenner aller best frå middagstallerkenen. Men dette er det fiskeslaget som generalsekretær Audun Maråk i Fiskebåt trekkjer fram for å vise at vi treng meir kunnskap.

Vi veit for lite om torskebestanden. Men vi veit også for lite om makrellen og norsk vårgytande sild. Han legg også til at vi veit for lite om seien og korleis desse artane verkar inn på kvarandre.

No har organisasjonen Fiskebåt foreslått at det skal løyvast meir pengar til forsking på fiskeressursane. Organisasjonen foreslår også at det skal forskast på mageinnhaldet i fisk som blir fanga, for å sjå korleis dei ulike fiskeslaga beskattar kvarandre.

– På denne måten kan vi få betre kunnskap om kva kvotar som skal setjast, og korleis fiskeria skal regulerast, seier Maråk.

Audun Maråk er svært misnøgd med satsinga den nye regjeringa har innan forsking på fisk. Han hevdar at auken som regjeringa går inn for handlar om forsking på oppdrettsfisk.

Her er ikkje ei krone til forsking på villfisksektoren. Det er vi sjølvsagt svært misnøgde med, seier Maråk.