– Vegvesenet inhabil

Fylkesleiar i Møre og Romsdal Framstegsparti, Frank Sve, meiner at Statens Vegvesen er for inhabil til å kunne greie ut om Romsdalsaksen kan vere eit alternativ til Møreaksen. Ifølgje Sve har vegvesenet eit for nært forhold til Møreaksen-prosjektet.

No bed Frank Sve Vegdirektoratet om å legge utgreiingsarbeidet til selskapet Nye veier, eller til eit regionkontor i vegvesenet som ikkje har vore med i planarbeidet for Møreaksen.

I tillegg til Romsdalsaksen skal også vidareføring av ferjedrift vurderast opp mot bygging av bru- og tunnelsambandet Møreaksen.