NRK Meny
Normal

– Var ikkje førebudd på kontrastane

Styrkesjef på det norske skipet Siem Pilot, Tore Barstad, sit igjen med sterke inntrykk etter ein månad i Middelhavet.

Styrkesjef Tore Barstad

Ålesundar og styrkesjef på Siem Pilot, Tore Barstad, sit igjen med mange sterke inntrykk etter ein månad i Middelhavet.

Foto: Kripos

Siem Pilot har sidan 12. juni redda 1.187 flyktningar og immigrantar i havsnød i Middelhavet. Onsdag kom styrkesjef Tore Barstad tilbake til Noreg.

– Nokre hadde vore gjennom harde påkjenningar og reist i månadsvis. For dei var det ikkje eit alternativ å snu, dette var siste utveg og du kunne sjå desperasjonen i ansikta deira, seier Barstad.

Andre hadde ikkje hatt ei like vanskeleg reise.

– Nokre viste finger, spytta mot oss og hadde problem med å ta omsyn til systema om bord i båten. Vi var kanskje ikkje førebudd på den sida av situasjonen, held han fram.

Behandla alle likt

Barstad har likevel forståing for at ikkje alle dei tek om bord uttrykker like mykje takksemd.

Siem Pilot

I juni redda Siem Pilot cirka 700 båtflyktningar på veg over Middelhavet i to overfylte trebåtar.

Foto: Kripos / NTB scanpix

– Vi dømmer ingen, og er klar over at mange kjem frå plassar der dei har problem med autoritetar eller myndigheitspersonar, seier han.

Likevel er det ikkje desse personane mannskapet huskar best når dei setter seg ned på lugaren om kvelden.

– Vi behandlar alle likt og med like mykje respekt, men det er klart at ein tenker mest på dei som har flykta i frykt, seier Barstad.

Sterke inntrykk

I tillegg til eit mannskap på 15, har det vore åtte politifolk og ti personar frå Forsvaret om bord i båten. Barstad er stolt av det han og mannskapet har fått til.

– Det har vore ein innhaldsrik månad på fleire plan. Alt frå å bygge opp prosjektet til å kome i gong med både redningsoperasjonane og grensekontroll, seier han.

– Eg sit igjen med inntrykk som vil følgje meg i mange år framover, held han fram.

– Oppdraget vårt er å redde liv

Fleire titals flyktningar har reist til Europa så langt i år, og i fjor døde fleire tusen menneske på vegen over Middelhavet. Bak straumen av flyktningar, står kyniske bakmenn og kriminelle nettverk, ein situasjon som Barstad seier dei har vore fullt klar over.

Siem pilot

Siem Pilot har sidan 12. juni redda 1.187 flyktningar og migrantar i havsnød i Middelhavet.

Foto: Kripos / NTB scanpix

– Ein del av oppgåva vår er å sørge for at innvandringa til EU skjer på ein ryddig måte. Som politifolk er vi vant til å handtere kriminelle, seier han.

Barstad fortel vidare at målet deira har vore å avdekke bakmenn til menneskesmuglinga. Han meiner likevel at det er viktig å delta i redningsaksjonar til trass for at kriminelle personar står bak.

– Oppdraget vårt er å redde menneske, og den sjansen er mykje større når vi faktisk er der, seier Barstad.

Vi kan ikkje sitte heime i sofaen og seie at det er greitt at 400 personar druknar fordi vi trur det stoppar bakmennene, held han fram.