Hopp til innhold

– Vanskeleg, men ikkje øydeleggande

Striden om kvar politimeisteren skal ha sete har vore vanskeleg, vedgår fylkesordførar Jon Aasen. Han trur likevel ikkje saka får øydeleggande effekt.

Ein politiuniform ligg ferdig og klar for ein lensmann

Fylkesutvalet har gått inn for Kristiansund, men Politidirektoratet avgjer kvar politimeisteren skal ha sete.

Foto: Arne Johannessen

Sjølv har Arbeidarpartipolitikaren fått knallhard kritikk for å ha støtta Kristiansund i kampen med Ålesund. Både for sjølve standpunkt, men også fordi han gjekk ut offentleg med sitt syn før møtet i fylkesutvalet. Den kritikken tar Aasen ikkje til seg.

Jon Aasen

Fylkesordføraren må kunne fronte synspunkta til eige parti, meiner Jon Aasen.

Foto: Hallstein Vemøy / NRK

– Fylkesordføraren er valt frå eit politisk parti med klare standpunkt i denne saka, og dei har eg framført, til glede for nordfylket og til det motsette for sørfylket, svarar Aasen.

Må godta «pepar»

Men han godtar at han har fått «pepar» frå halve fylket for standpunktet sitt. Han synest det er forståeleg og greitt at folk er usamde i sak, men særleg på sosiale medium har enkelte ytringar mangla det Aasen kallar folkeskikk.

– Men eg er ein offentleg person med eit standpunkt som mange mislikar, så då må eg akseptere at dei tar til orde for sitt syn. Så blir det vel berre eit fromt ønske at alle skal bruke folkeskikk.

Statlege arbeidplassar

Inngangsparti, Nordmøre politidistrikt og Nordmøre Tingrett

Arbeidarpartiet vektla behovet for statlege arbeidsplassar i Kristiansund.

Foto: Rune Petter Ness / Scanpix

Striden har handla om dei politifaglege omsyna står likt eller om dei favoriserer ein av byane. Aasen meiner at begge sider har gode argument, men viser til at dei som regional politisk aktør også må ha lov til å vektlegge behovet for offentlege arbeidsplassar.

Fylkesordføraren avviser at konsekvensen blir at 110-sentralen blir frykta til Trondheim, slik enkelte fryktar.

110-sentralen i Ålesund

Jon Aasen har inge tru på at 110-sentralen blir flytta til Trondheim.

Foto: Arkiv

– Det trur eg slett ikkje, det er verken faglege eller andre grunnlag for ei slik flytting.

Men Aasen er meir i tvil om kva verdi vedtaket i fylkesutvalet har, sidan det blei eit svært knapt fleirtal for Kristiansund. Han meiner at eit fleirtalsvedtak sjølvsagt skal følgast opp, men at andre kan meine at det er lite å bry seg om når fleirtalet er så knapt.

– Det er det politidirektoratet som må vurdere!

Politidirektoratet

Politidirektoratet har siste ordet i spørsmålet om kvar politimeisteren skal ha sete.

Foto: Kjetil Grude Flekkøy / NRK

Lokalisering splittar

Fylkesordføraren seier fylket har erfaring med at spørsmål om lokalisering splittar, men at politikarane også har historie for å tole slike debattar. Men argumenta må vere saklege, slik at ein i neste debatt ikkje er opptatt av person men av sak. Han forstår likevel at fylkeskommunen kan få færre tilhengarar etter nok ein opprivande strid.

– Det er nok dei som er usamde med oss som er mest synlege.

– Må slikke såra

Jon Aasen trur at hans eige parti, Arbeidarpartiet, kjem over at dei er delte i spørsmålet om kvar Møre og Romsdal politidistrikt skal ha hovudsete.

– Vi er eit stort parti som er vande med geografispørsmål. Etter å ha slikka våre sår ei stund skal vi takle ei slik usemje.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL