NRK Meny
Normal

– Vanskeleg å sjå korleis ein kan unngå å skyte drektig kval

Opplysninga om at storparten av kval som blir fanga i norske farvatn er drektig ho-kval har vekt sterke reaksjonar. Men det er vanskeleg å sjå korleis kvalfangarane kan unngå dette. Jakta på drektig hokval kan også vere det mest humane.

Kvalfoster foster av vågekval

Dette kvalfosteret er nettopp teke ut av buken på mor si som blei skoten av norske kvalfangarar.

Foto: Trygve Berge / NRK/Bergefilm

Når det går mot vår kjem vågekvalen til norske farvatn. Då har kvalen lagt bak seg ei lang reise i store deler av Atlanterhavet. Og alltid er det slik at hokvalane har foster i magen når dei kjem symjande opp langs norskekysten om våren.

Tradisjonelt har ein meint at vågekvalen ikkje kryssar ekvator. Men i 2010 blei det, ifølgje Polarinstituttet, fanga vågekval ved norskekysten som stamma frå den sørlege halvkula.

Vågekvalen vert kjønnsmoden når han er om lag 5 år gamal. Andre kjelder seier at ho-vågekvalen blir kjønnsmoden i 6-årsalder og hannen når han er 7 år. Forskarane reknar med at kvar ho-kval får éin unge kvart år. Vågekvalen er eit pattedyr, og ungane til kvalen følgjer mor og diar henne i fleire månader.

Mesteparten av all vågekval som blir fanga av norske kvalfangarar er ho-kval. Og dei aller fleste har foster i magen. Miljøorganisasjonen Greenpeace karakteriserer situasjonen som vanvittig.

90 prosent av vågekval som blir fanga i norske farvatn er hokval. Dei fleste av desse har foster i magen.

– Motstand kan vere styrt av kjensler

Paringa går føre seg om hausten og vinteren, altså like etter at kvalfangstsesongen er ferdig. Hoene går drektige i ti månader. Når kvalungen er fødd følgjer han mor si og diar henne i om lag seks månader. Om lag 90 prosent av alle kjønnsmodne hokvalar blir drektige kvart år.

Spørsmålet vert då om det i det heile teke er mogleg å unngå fangst på drektig vågekval i det heile teke.

Jan Einarsen

Jan Einarsen er tidlegare akvarist og ekspert på livet i havet.

Foto: Sara Lovise Roaldseth / NRK

– Dette er eit godt spørsmål, som det jammen ikkje er lett å gje eit heilt klart svar på. Men om forskinga viser at bestanden toler slik jakt er motstanden mot jakt på drektig kval meir kjenslemessig styrt, seier tidlegare akvarist og ekspert på livet i havet, Jan Einarsen til NRK.

– Kvalmora diar kvalungen i eit halvt år

Einarsen seier at det er svært vanskelege vurderingar som må gjerast i tilknyting til fangstperiodane på kval. Han åtvarar mot at det skal bli for mykje synsing. Men han påpeikar at kvalen utanfor den ti månader lange drektigheits-perioden vil ha die-ansvar for ein kvalunge i om lag eit halvår.

– Kvalungen klarer seg neppe åleine om mora blir skoten på dette tidspunktet. Så det er klart at dette er interessante spørsmål å stille, seier Einarsen.

– Kvalen gjødslar verdshava

Einarsen er imidlertid aller mest oppteken av kvalen si rolle som gjødslar av verdshava, og at kvalen trengst for å gje næring til planktonet som alt liv i havet er avhengig av. Dermed meiner han at det er feil å sjå utelukkande på bestandsutviklinga på vågekval når kvotane blir bestemt.

– Vi må sjå bestanden av all kval i samanheng. Vi kan ikkje sjå isolert på vågekvalbestanden. Kval av alle slag har ei vesentleg rolle i å gjødsle verdshava. Vi må stille spørsmålet om her er nok gjødsels-spreiarar, og sjå vågekvalbestanden i samanheng med både blåkval, knølkval og andre kval-sortar, seier Einarsen.