Hopp til innhold

– Vafler er omsorg og nærleik

Sjømannskyrkja på Gran Canaria brukar 60 liter vaffelrøre kvar einaste tysdag.

Vafler
Foto: Siri Bjelland Berven / NRK

Sjømannskirken

Uante mengder vaffelrøre vert steikt opp i vaffeljerna i Sjømannskyrkja på Gran Canaria.

Foto: Sjømannskirken

Vaffeldagen den 25. mars markerer eit skilje mellom vinter og vår, og i Sverige har vaffelen blitt eit symbol på våren. No har vaffeldagen spreidd seg til fleire land, deriblant Noreg.

– Gjer folk glade

Peder Nedrelid

Diakon Peder Nedrelid frå Gossen er glad i vafler. Han omtalar dei som 'usunne og gode,' alle som ein!

Foto: Sjømannskirken

Frå Noreg har tradisjonen igjen spreidd seg til utlandet – via dei 31 kyrkjene til Sjømannskyrkja. Ekstra mykje vaflar vert selt på Gran Canaria der Peder Nedrelid frå Gossen i Aukra er diakon.

– Eg trur vafla symboliserer litt det imaget som vi på på Sjømannskyrkja prøver å gje ut. At vaflar er nærleik, tryggleik og omsorg. Det ligg i hjarteforma, seier han.

Kvar tysdag mellom oktober og påske lagar kyrkja 60 liter røre for å dekke etterspurnaden. Det vert 720 vaflar det. Og dei vert selt alle saman.

– Kva gjer det med folk å få ei vafle i utlandet?

– Dei vert glade og så treff dei andre kjentfolk. Det er eit myldrande liv her kvar tysdag, fortel Nedrelid.

Gir inntekter

Sjømannskirken på Gran Canaria

Sol, vafler og kaffi er ein populær kombinasjon hjå Sjømannskyrjka på Gran Canaria.

Foto: Sjømannskirken

Og han som gir, han får. Vaflane er nemleg også ei god inntektskjelde for Sjømannskirken.

– Vafla betyr mellom anna inntekter. I høgsesongen er det mellom 10 og 14 000 nordmenn som landar på flyplassen her kvar veke. Då kan du berre tenkje deg kor mange som kjem hit og vil ha vaflar, ler diakonen.

Deler ut hjartevarme og vafler

–Markerer de vafledagen 25. mars ekstra i Sjømannskyrkja, eller er det mest vafledag kvar dag?

– Det er nok vafledag jamleg. Men vi har noko som heiter hjartevarmeaksjonen. Då steiker Sjømannskirken rundt om i verda vaflar og deler dei ut gratis for å markere at vi har hjartevarmedagen vår. Det er ein populær dag, seier Nedrelid.

– Vaflar er eit fint kommunikasjonsmiddel – det er greitt å møtast over ein vaffel, avsluttar han.