NRK Meny
Normal

– Uvisse og ny optimisme i oljenæringa

Store deler av norsk oljenæring samlast i Kristiansund i dag. Etter ei tid med nedgang er det spirer til ny optimisme i næringa.

Signering Njord plattform

Signeringa av dei nye kontraktane for Njord-feltet 17. mars i år står som symbol for den nye optimismen i oljenæringa. Lenge var ein budd på at levetida til Njord skulle vere over. Men no står nye funn i kø for å kople seg opp på Njord A.

Foto: Marius Knutsen / Sunnhordland / NTB scanpix

Etter ein treig periode ventar alle som er avhengige av oljeverksemda på ny fart i aktiviteten. Og vonar dei at det er ketchup-effekten som skal slå til.

– Vi har rista lenge på flaska. Lenge kom det ingenting. Plutseleg strøymer alt ut, heiter det i innkallinga til dagens møte.

Ein av aktørane på møtet i Kristiansund i dag er interesse- og arbeidsgjevarorganisasjonen Norsk Olje og Gass. Også denne organisasjonen ser at det er positive teikn i bransjen.

–Alle er opptekne av det som skal skje framover. Den siste tida, og seinast i går, har det kome nyheiter som ikkje har vore så positive for regionen. Samtidig kjem det nyheiter som dreg i positiv lei, seier direktør for kommunikasjon og samfunnskontakt, Tommy Hansen.

Det er dei mange felta som er under oppsegling som er grunnlaget for optimismen som melder seg. Maria-feltet er under utbygging. Og det er aktivitet på gang når det gjeld Bauge, Njord, Dvalin, Trestakk og Pil & Bue.

– Den siste veka har vore ei slags eventyrveke for Norskehavet. Det er varsla store investeringar på Trollfeltet. Vi veit at det er fleire prosjekt på gang. Desse ser svært positive ut. Norskehavet er eit område som det blir satsa tungt på no. Det gjev grunnlag for ny optimisme, seier Tommy Hansen.