NRK Meny
Normal

– Uverkeleg og veldig rart

Fredrik Dyb Alnes (13) er eitt av statsminister Erna Solberg sine førebilete. Han vart trekt fram i statsministeren sin nyttårstale saman med fredsprisvinnar Malala Yousafzai.

Fredrik Dyb Alnes hører på statsminister Erna Solberg

Fredrik Dyb Alnes (13) har hjelpt Erna Solberg til å forstå korleis ein skal hjelpe elevar som har dysleksi.

Foto: Arild Sandsvik / NRK

Saman med resten av familien sat han framfor fjernsynet 1.nyttårsdag for å sjå statsminister Erna Solberg halde sin nyttårstale for det norske folk. At namnet hans vart nemnt var ganske uverkeleg, synest han.

– Det var utruleg morsomt, seier 13-åringen om å verte heidra av sjølvaste statsministeren.

Les og sjå statsministeren sin nyttårstale

Ga statsministeren råd om dysleksi-tiltak

Fredrik Dyb Alnes går i åttande klasse på Godøy skule i Giske kommune. Han er oppteken av å gjere det godt på skulen, men er ein av dei 20 prosenta av norske elevar som slit med dysleksi.

Gjennom god hjelp frå både familie og lærarar klarer han å henge med på skulen trass i at han har vanskar med å lese og skrive.

I november deltok han på regjeringa sitt toppmøte om lese- og skrivevanskar, for å fortelje statsminister Erna Solberg kva han meiner hjelp elevar med dysleksi.Saman med ein lærar presenterte åttandeklassingen eit nettbrettprosjekt som skal gjere skulen enklare for elevar med dysleksi.

Les:

Åttandeklassingen fekk sitje skulder til skulder med sjølvaste statsminister Erna Solberg, og snakka med kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen.

– Det var eit uverkeleg møte, seier Fredrik Dyb Alnes.

Sjå møtet mellom Fredrik Dyb Alnes og statsminister Erna Solberg i videoen under:

Regjeringen har startet arbeidet med en ny strategiplan for elever med lese og skrivevansker.

– Alle kan gjere ein forskjell

Møtet gjorde også inntrykk på statsministeren. Så stort inntrykk gjorde det, at møtet med Fredrik vart nemnt i sjølvaste nyttårstalen.

Statsministeren sin hovudbodskap i nyttårstalen var at alle kan gjere ein forskjell og ho trekte fram Fredrik Dyb Alnes som eitt av eksampla på at enkeltmenneske kan spele ei viktig rolle.

«Å gi av seg selv til andre er en kraft i oss alle. Den gjør oss til hele mennesker. Du ser den overalt. Hos andre og i deg selv. (...) I løpet av et år møter jeg mange som gjør en forskjell for andre. (...) 14-åringen Fredrik Dyb Alnes fra Godøya som fortalte meg hva vi kan gjøre for han og andre elever med dysleksi,» sa statsministeren i sin første tale i 2015.

Les også:

Sat saman med statsministeren

13-åringen fekk melding frå statsministeren sitt kontor for nokre dagar sidan om at han kom til å verte nemnt i nyttårstalen, men det var likevel spesielt å høyre statsministeren seie hans namn i den viktige talen sin.

Han visste ikkje at han møtet hans med statsminister Erna Solberg for litt over ein månad sidan betydde mykje for henne.

– Det er utruleg gøy å verte nemnt i statsministeren sin tale. Det er ganske stort, og eg er litt stolt av meg sjølv, seier Dyb Alnes til NRK.

– Det å verte nemnt saman medstore personar som fredsprisvinnaren er veldig rart.

Sjå statsministeren sin nyttårstale:

Statsminister Erna Solbergs nyttårstale.

Vil hjelpe andre

Med å stå fram med at han har dysleksi, håper han å gjere det enklare for andre med dysleksi å snakke om vanskane sine. Det er viktig å fortelje andre om kva ein går gjennom, meiner han.

– Mitt ønske for det nye året er at alle med dysleksi skal få ein så god skole som mogleg. Eg er heldig som har fått hjelp, og eg ønskjer at alle skal få ein god start på livet.

Sjølv tenkte han «det betyr at alle kan verte det dei vil» då han høyrde at også statsminister Solberg har slite med dysleksi.

– Eg kan til og med verte statsminister, om eg vil. Eg veit ikkje om eg vil, men eg kan.