Hopp til innhold

– Utfordrande når alt skjer så fort

– Det er ei utfordrande oppgåve både for UDI og kommunane når alt skjer så fort i flyktningsaka, seier kommunikasjonsdirektør i UDI, Ingeborg Grimsmo.

Ingeborg Grimsmo

Ingeborg Grimsmo ser at utfordringane er store i flyktningspørsmålet.

Foto: NRK

Surnadalingen opplever sjølv travle dagar, der ho blir kontakta ikkje berre yrkedagane, men også i helgene. Ofte er det journalistar som ønskjer oppdatering, tal eller andre fakta, men også andre tar kontakt. Innimellom er det folk som ønskjer å drive mottak, og vil vite korleis ting fungerer.

Oppmodar kommunane til å bidra

UDI

UDI må skaffe fleire hundre plassar kvar dag.

– Vi må prøve å skaffe 300–400 mottaksplassar kvar dag. Det er enormt mange, og ikkje alltid har vi oversikt over kor mange som kjem heller. Det kan nok vere vanskeleg å forstå og ta inn over seg alvoret både for kommunane og folk flest, seier Grimsmo.

Ho forstår dei som etterlyser meir informasjon.

– Det er ikkje enkelt å plutseleg å ha eit mottak i kommunen som du ikkje hadde dagen før, og då skal helsestell, skuleplass og barnehage klart på kort tid, og det er krevjande.

Asylsøkere på Atlanten turistsenter

Ved Atlanten turistsenter blei det nyleg oppretta eit mottak

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Ho forstår også at kommunane vil vere med og bestemme utviklinga sjølv, men seier at når flyktningane står ved døra, er Noreg forplikta til å hjelpe dei.

Lite tid til informasjon

– Med dei akuttplassane vi treng no, så har vi for dårleg tid til å orientere i god tid, og må ta orienteringa i ettertid, så raskt vi kan. Men det kan ta både timar eller ein dag, for førsteprioritet er å skaffe tak over hovudet til dei som kjem.

Ingeborg Grimsmo

Kommunikasjonsdirektøren vedgår at informasjonen kan kome for seint.

Foto: Nora Lie/UDI

UDI tar gjerne imot både private og frivillige organisasjonar som drivarar av mottak, men oppmodar også kommunar til å ta denne oppgåva. Grimsmo meiner det er ein fordel for dei å ha handa på rattet, og erfaringane frå kommunar med mottak er gode.

– Då veit kommunane lettare kva tenester som trengst for dei som bur på mottaket.

Mange ønskjer å hjelpe

Flyktninger

Flyktningane kjem frå krig og terror.

Foto: NRK

– Flyktningane kjem frå krig og terror i Syria og landa rundt, og no har vi også sett noko av dette nærare oss, med hendinga i Paris. Då er det klart at vi må hjelpe, for det er ikkje noko alternativ for dei som kjem å vende tilbake. Heldigvis er velviljen stor, trass i at ting skjer fort, og mange kjem på ein gong.