Hopp til innhold

– Utfordrande å busette mindreårige

Regiondirektør Marit Elin Eide i Integrerings- og mangfaldsdirektoratet Midt-Noreg vedgår at det er ei krevjande oppgåve å busette mindreårige flyktningar. – Men det er også givande.

Marit Elin Eide

Marit Elin Eide og IMDI er i tett dialog med kommunane.

Foto: NRK

Ho rosar Volda som ein kommune med lang og god kompetanse i busetting av unge flyktningar. Ho synest difor det er eit godt val å legge eit mottak for unge mindreårige flyktningar til nettopp Volda. Dette mottaket opnar i dag, og allereie i løpet av helga skal 40 unge flyktningar flytte inn.

Men alle dei som kjem til mottaket skal ikkje berre vere der. Etter kvart blir dei plasserte rundt om i fylket.

Tett dialog

IMDi logo

Integrerings- og mangfaldsdirektoratet rosar kommunane i Møre og Romsdal

IMDI er akkurat no i tett dialog med kommunane for å gjere ein avtale om kven som skal busette einslege mindreårige. Vanlegvis går denne dialogen per brev ein gong i året, men slik flyktningsituasjonen har blitt denne hausten, har dialogen blitt tettare og hyppigare.

– Kven kan busette, kven vil busette dei som er under 15 år og kven tar imot dei som er over 15 år, er spørsmålet Eide og IMDI stiller i desse dagar.

Ho fortel at behovet er veldig stort for fleire plassar. Dei går difor breiare ut enn vanleg, og spør fleire enn dei tradisjonelle mottakskommunane som til dømes Ålesund, Molde og Sunndal.

– No går vi til dei fleste med desse spørsmåla.

Ifølge regiondirektøren busett kommunane i Møre og Romsdal på eit veldig bra nivå. Ho merkar ein veldig entusiasme med omsyn til busetting. Men ho vedgår at busetting av dei mindreårige flyktningane krev noko meir. Det er også noko av grunnen til den tette dialogen med kommunane. Det blir og prioritert å ha eit nært samarbeid med barne- og ungdomsetatane.

Krevjande og givande

– Skal du busette nokon under 15 år må du tilrettelegge enda meir enn ved vanleg busetting.

Lodve Solholm

Også fylkesmann Lodve Solholm er engasjert i arbeidet med å busette flyktningar.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Ho har god tru på at fleire kommunar blir klare til mottak om nokså kort tid. Men behovet har altså auka kraftig dei siste par månadene og det er ikkje nok plassar for einslege mindreårige. Difor arbeider INDI, BUF-etat, Fylkesmann og fleire tett saman for å få opp talet på plassar rundt om i kommunane. Det blir og arbeidd med å få enkeltpersonar til å bli til dømes verje.

Ho oppmodar difor kommunane til å busette einslege mindreårige, og ber dei ta kontakt snarast råd, slik at dialogen kan starte.

– Det er ei krevjande, men givande oppgåve. Det er ei oppgåve som krev kompetanse, men som og gir kompetanse til kommunane.