Hopp til innhold

– Utbyggar har lov å bruke veg

Aksjonistar har i fleire dagar sperra vegen opp til Haramsfjellet, fordi dei meiner at utbyggaren av vindkraft ikkje har rett til å bruke vegen. Juristar i politiet har sett på saka og konkluderer med at utbyggar har lov til å køyre der. – Dersom politiet får oppmoding om å fjerne bilar må politiet gjere det for å sikre at lovleg trafikk kan komme fram. Det seier jourhavande Yngve Skovly.