NRK Meny
Normal

– Uryddig av Ap

Stortingspolitikar Helge Orten (H) er skuffa over Arbeiderpartiet sin lovnad om å reversere tvangssamanslåingar av kommunar dersom det blir regjeringsskifte. Men Ap-politiker Else May Botten slår knallhardt tilbake.

Helge Orten

Helge Orten (H) er kritisk til at Arbeiderpartiet lover å gjere om på tvangssamanslåing av kommunar dersom dei kjem til makta.

Foto: Roar Halten / NRK

Måndag gjekk Arbeiderpartiet ut med lovnad om å innvilge skilsmisse til kommunar som blir slått saman mot sin vilje, dersom dei kjem til makta.

– Problemet til Arbeiderpartiet er at så lenge dei ikkje sit i førarsetet sjølve, så er dei på autopilot imot. Noko eg synest er veldig uryddig og veldig skuffande.

– Dei veit ikkje kva fot dei skal stå på

Tidlegare har Ap uttalt seg unnvikande når Senterpartiet har kome med liknande garantiar. No seier også Ap at dei vil oppheve tvangsvedtak dersom dei vinn valet. Føresetnaden er at kommunen sjølv ber om det.

– Dei veit ikkje heilt kva fot dei skal stå på. Det verkar nesten som om Arbeiderpartiet og Jonas Gahr Støre har tenkt å gå til val med Trygve Slagsvold Vedum som statsministerkandidat, seier Orten.

Han meiner at det Ap no legg fram er heilt i strid med deira eigen politikk. Partiet har nemleg tidlegare støtta at Stortinget i enkelte tilfelle kan oversstyre kommunar som ikkje vil slå seg saman.

– Forsøk på å stikke kjeppar i hjula

Etter planen skal regjeringa legge fram sitt forslag til ny kommunestruktur før påske. Helge Orten meiner det vil vere synd dersom somme kommunar no ventar med å ta ei avgjerd til etter stortingsvalet til hausten.

– Eg er overbevist om at denne reforma er heilt nødvendig for å ruste kommunane for åra som kjem. Slik sett vil det vere uheldig dersom enkelte no byrjar å vente med avgjersler på grunn av Arbeidarpartiet.

– Dette er eit forsøk på å stikke kjeppar i hjula for kommunereformen, slik dei har gjort heile vegen, seier Helge Orten (H).

– Tullprat fra Høyre

Else-May Botten

Stortingsrepresentant Else May Botten (Ap) meiner regjeringa får svi for eigen politikk.

Foto: Bjørn Ivar Voll

Stortingsrepresentant Else May Botten karateriserer fleire av påstandane frå Helge Orten som tullprat. Botten meiner at regjeringa får svi for å ha gjennomført prosessane på feil måte, og at folk er blitt tilbudt noko folk ikkje vil ha.

– Høgre og Helge Orten må sjå seg i speilet og ta innover seg dei tilbakemeldingane dei har fått frå folk. Denne reformen er blitt noko som folk ikkje vil ha, seier Else May Botten.

Feilslått reform

Stortingsrepresentanten fra Arbeiderpartiet peiker på at regjeringa har enda opp med eit resultat som er langt unna dei visjonane som Helge Orten og Høgre hadde i utgangspunktet.

– Då var det snakk om 4-5 kommunar i Møre og Romsdal. Sjå på kva som er blitt resultatet. Reformen har vore feilslått, og grunnen er at regjeringa har begynt i feil ende. Dei har starta med struktur og kor mange kommunar ein skal istaden for å starte med kva slags tenester ein skal ha og kva som er best for folk som bur i kommunane, seier Else May Botten.