Hopp til innhold

– Uproblematisk å tisse i sjøen

Er du på stranda i sommar, kjenner at det knip, utan eit toalett i sikte? Det er heilt ufarleg å late vatnet i vatnet, seier kjendislege Wasim Zahid.

Bading

Du kan hoppe i havet i sommar - og det er heller ingen hygieniske grunnar til ikkje å tisse der.

Foto: RUNE PETTER NESS / Scanpix

Ei solfylt strand, ein stad i Noreg, utan skikkelege toalettfasilitetar. Du kjenner kanskje scenarioet. Kanskje har du tenkt på kor mange som slår lens i badevika der du har planar om å kaste deg uti?

Er du ein av dei som har for vane å tisse i havet – fortvil ikkje. Ifølgje legen Wasim Zahid, kjend frå NRK-programmet "Hva feiler det deg?", er det fritt fram for å urinere i det store blå.

– Det finst ingen medisinsk fare ved å gjere det. Det er såpass store vassmengder det er snakk om i havet, at det ikkje har noko å seie. Dessutan er fersk urin så og seie heilt reint, så det vil uansett ikkje vere noko risiko knytt til slik åtferd, seier Zahid.

Ikkje nødvendig å dra ned badebuksa

Wasim Zahid

Lege Wasim Zahid meiner tissing i havet er uproblematisk.

Foto: Solveig Husøy / NRK

Zahid seier også at det er uproblematisk å urinere gjennom badebuksa eller badedrakta:

Vatnet vil skylje bort urinen, så det er eitt feitt om ein har på badekleda eller ikkje.

Han er likevel heilt klar på at det er ein stad der ein bør ha kontroll på blæra:

– I eit avgrensa område som eit badebasseng vil det sjølvsagt vere noko heilt anna. Her vil det også raskt oppstå misfarging, seier Zahid.

Kommuneoverlege lunka

I Kristiansund kommune i Møre og Romsdal vert det gjort målingar på badeplassane tre gonger i året. Miljøkonsulent ved kommuneoverlegens kontor, Kjetil Tore Fjalestad, seier det ikkje er mogleg å måle smitte på ein badeplass på grunn av urinering.

– Dette er ikkje eit hygiensk problem. Men triveleg er det ikkje, og vi vil ikkje oppfordre nokon til å gjere det, seier Fjalestad.