NRK Meny
Normal

– Unge i Sunndal har det fantastisk!

Sunndal kommune er den kommunen i Møre og Romsdal som brukar mest pengar per innbyggjar, når det kjem til aktivitetstilbod til born og unge.

Ulv Johannes Karlsen Ottem

Ulv Johannes Karlsen Ottem (15) er glad i heimkommunen sin, og meiner Sunndal er ein heilt super kommune for born og unge.

Foto: Privat

Vallogo

– Vi har ein kjempeflott kulturskule og nesten alle eg kjenner spelar fotball, skryt Ulv Johannes Karlsen Ottem av heimkommunen sin.

15-åringen går sjølv på drama og dans på kulturskulen og som medlem av ungdommens kommunestyre er han med å hjelpe ungdom som vil starte opp med nye aktivitetar.

– Vi har relativt mykje pengar som vi kan dele ut til formål som vi synast er kule.

Les også:

Best i fylket

Ståle Refstie

Ståle Refstie (Ap) har klipt mange snorer i si tid som ordførar i Sunndal.

Foto: Linda Samuelsen

Tal frå Statistisk sentralbyrå viser at Sunndal er den kommunen i Møre og Romsdal som bruker mest pengar per innbygger, når det kjem til aktivitetstilbod til born og unge. Nærare bestemt 227 kroner per innbyggjar.

Med symjehall, sportshall, fleirbrukshall, to fotballhallar, friidrettsanlegg, skyteanlegg, lysløyper, ridehall, alpinanlegg og ungdomsklubb har dei unge mykje å velje i.

Ordførar Ståle Refstie (Ap) seier kommunen lenge har hatt ei bevisst satsing på at born og unge trivast i Sunndal.

– Vi vil at dei skal få ei sterk og god tilhøyrsle og eit ønskje om å kome tilbake hit.

Eide og Haram dårlegast

Bjørn Sandnes

Bjørn Sandnes (H) er ordførar i industrikommunen Haram.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK
Ove Silseth

Eide-ordførar, Ove Silseth (H), meiner Eide har satsa på born og unge.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Den som kjem dårlegast ut når det gjeld å satse på born og unge i kommunen, ifølgje SSB sin statistikk, er Eide og Haram. Dei to kommunane bruker berre éi krone per innbyggjar.

Ordførar i Haram, Bjørn Sandnes (H), kjenner seg ikkje att i tala og peikar blant anna på at at kommunen har støtta fleire idrettsanlegg dei siste åra.

– Vi støttar kulturen i Haram og her er ein veldig god frivillighetskultur også. Idrettslaga spesielt, men også song- og musikkmiljøa, er veldig aktive i Haram.

Ordførar i Eide, Ove Silseth (H), viser til fleire kulturtilbod i kommunen som ballbinge, kunstgrasbane, klatring og kulturskole og støttar haramsordføraren i at all kultursatsinga ikkje viser att i statistikken.