– Tilbodet kan bli svekt
Dei to kommunane har hatt rekordauke i talet på utskrivingsklare sjukehuspasientar som dei ikkje tar ansvar for. Eidsvik seier konsekvensane kan bli svært at tilbodet ved sjukehuset blir svekt.
Helse og sosialsjef Odd Ivar Øvregård i Ørsta avviser skuldingane.
Dyrt for Helse Sunnmøre
Astrid Eidsvik
I år kjem Helse Sunnmøre til å betale 30 millionar kroner i pleie for ferdigbeandla pasientar som kommunene har ansvaret for. Kompensasjonen for dette er i underkant av to millionar kroner.
Sjukehuset i Volda.
Ei nasjonal føreskrift gir kommunane ein frist på ti dagar til å hente pasientane sine. Etter denne fristen må dei betale 1600 kroner døgnet. Problemet for Helse Sunnmøre er at kostnadene er nesten 6000 kroner døgnet per pasient.
No ber Eidsvik Ørsta og Volda ta ansvar. Til saman har ferdigbehandla pasientar frå dei to kommunane lagt beslag på over 1000 sjukehusdøgn i Volda.