Per Roland
I ein rapport er det foreslått å splitte Møre og Romsdal, slik at det noverande fylket blir lagt under to ulike regionar.
Roland seier Sunnmøre har eit så tett samarbeid med Trøndelag, at det vil vere uheldig å endre dette.
Nytt samarbeid sørover?
Størsteparten av Nordmøre går nordover til Trøndelag og delar av Nordland, medan Romsdal og Sunnmøre må vende seg mot sør og dei tre andre vestlandsfylka. Det var det nye Noregskartet over framtidige regionar som blei lagt fram i går.
Men Møre og Romsdal samarbeider frå før med Midt-Noreg både når det gjeld samferdsel og helse. Det er uklart kva ansvarsområde dei eventuelle nye regionane skal få, men det er ikkje utenkjeleg at helse blir ein naturleg del av dette. Då må helse Sunnmøre starte eit nytt samarbeid sørover mot Haukeland universitetssjukhus.