Ein rapport konkluderer med at ulempene er mindre enn fordelane og i sommar sparte helseforetaket 1,3 millionar kroner på ordninga.
Svært fullt
Jordmor i Sunndal, Grete Erlien, meiner tilbodet til kvinner og barn blir for dårleg med sommarstenging. Ho har fått reaksjonar på at det har vore svært fullt og dermed dårlegare oppfølgjing av dei førstegongsfødande som treng det mest.
(Illustrasjon)
Fleirgongsfødande har reist heim tidlegare på grunn av lite søvn, og er veldig slitne, seier ho.
– Eg synest at kvinne/barn-tilbodet blir mykje dårlegare, seier Grete Erlien.
Større avstand
Køyreavstand er ikkje noko problem i Sunndal, seier ho, der må dei fødande køyre uansett, og distansen er ikkje så mykje lenger.
På Smøla er derimot dette et problem, sier jordmor Else Jorunn Lillenes. den lange reisetida gjer at det oftere kan skje transportfødslar.
Må drive dobbelt
Lillenes forstår direktøren i Helse Nordmøre og Romsdal sine argument om ein fast stab og betre kvalitet på tilbudet, men jordmor i Sunndal, Grete Erlien, ser ikkje at ei slik sommerstenging gir fleire fordelar enn ulemper.
Ho har fått forståing av at helseføretaket har måtta leige inn folk i sommar også fordi små fødeavdelingar har hatt dobbel drift.