– Uansvarleg å fjerne ordning

Høgre sin ordførarkandidat i Kristiansund, Torbjørn Sagen, meiner det er uansvarleg av regjeringspartiet Venstre å gå inn for å fjerne leiterefusjonsordninga for oljeselskapa. Venstre gjorde vedtak om dette under landsmøtet i helga. Ordninga betyr at selskapa får trekke frå 78 prosent av leitekostnaden på skatten. Sagen, som leiar olje- og energiutvalet i Kristiansund, meiner det er i viktig ordning.

Torbjørn K. Sagen i Høyre under ordførerdebatt
Foto: NRK