Hopp til innhold

– Uaktuelt å sende førsteklassingar til Stranda

Opprørte foreldre i Liabygda seier det ikkje er aktuelt å sende fem-seksåringar åleine med buss og ferje for at dei skal gå på skule i kommunesenteret Stranda.

Liabygda skule i Stranda

Liabygda skule blir truleg lagt ned, og debatten om kvar elevane skal flyttast, blir mellom anna teken på foreldremøte i Liabygda i torsdag.

Foto: Mats Myrstad

Det er kraftige reaksjonar i Liabygda over at rådmannen foreslår at elevane ved Liabygda skule skal gå på Ringstad skule på andre sida av Storfjorden. Kommunen ønskjer at elevane skal krysse fjorden med ferje og buss, og gå på Ringstad skule i kommunesenteret frå hausten av.

– Det er direkte uansvarleg å sende fem-seksåringar til skule med buss og ferje utan permanent følgje av vaksne. Pressar kommunen dette gjennom, kjem det store fleirtalet av foreldra i Liabygda til å halde borna heime, seier Mats Myrstad i Liabygda Vel og sjølv småbarnsfar.

Portrett av mann

Mats Myrstad engasjerer seg sterkt i saka om kvar elevane i Liabygda skal gå på skule.

Foto: Privat

Han viser til at ferja mellom Stranda og Liabygda er tungt trafikkert og at ho ofte blir innstilt på grunn av vêrforholda. Han meiner det er lite gjennomtenkt at så små born få rundt 45 minutts skuleveg med bussbyte og ferje.

Går for raskt

Det bur om lag 250 innbyggarar i grenda Liabygda, på andre sida fjorden frå kommunesenteret Stranda. Skulen i bygda har vore nedleggingstruga i fleire omgangar. Dette skuleåret har Liabygda skule 17 elevar frå 1.- 7. klasse.

– Men administrasjonen foreslår jo at dei minste elevane skal få følgjeperson?

– Ja, men det er jo berre i ein innkøyringsfase. Kva skal skje etterpå då? Skal dei små risikere å bli ståande åleine att på ferjekaia når ferja blir innstilt? Tryggleiken til borna må ha førsteprioritet, seier Myrstad.

Både Foreldreutvalet ved skulen, ei eiga arbeidsgruppe i bygda og Liabygda Vel stiller seg kritiske til løysinga som er foreslått.

Fornuftig å sjå til andre

Dei meiner kommunen bør gå i dialog med grannekommunane Stordal og Norddal som ligg på same sida av Storfjorden som Liabygda.

– Vi har gode og større skular i begge dei næraste bygdene, Valldal og Stordal. Etter mitt syn bør borna heller gå på Valldal eller Stordal skule som ligg berre 15–20 minutt unna med buss, seier Mats Myrstad.

Ferja ligg til kai på Stranda etter krasjen i Liabygda.

Ferja mellom Stranda og Liabygda blir ein del av skulevegen for elevar frå Liabygda om tilrådinga frå rådmannen går gjennom i kommunestyret i juni.

Foto: Herborg Bergaplass/Sunnmøringen

Liabygdarane er redd administrasjonen har konkludert ut frå at det tidlegare har blitt sagt nei til å sende elevar til skule i grannekommunane. Han meiner dei bør vente på til debatten om kommunesamanslåing er avgjort, slik at ein også veit kvar Liabygda skal høyre til i framtida.

Strukturdebatt

I utgreiinga omskulestrukturen i Stranda, rår rådmannen til at både Geiranger og Sunnylven skular blir vidareførte med elevar frå 1. til 10. trinn. Liabygda skule blir altså føreslått nedlagd.

Mats Myrstad understrekar at skulenedlegginga ikkje er kampsaka no. Med negativ utviklinga i elevtalet, økonomiske vurderingar, lite læringsmiljø og sosialt miljø, gjer at dei fleste i bygda er innforstått med at skulen bør leggast ned på sikt.

– Men vi ønskjer ei grundigare utgreiing av kva som er beste løysinga for borna på lang sikt, og det tryggleiksmessige må vere med, seier han.

Liabygda Vel, Foreldreutvalet og mange andre i Liabygda meiner, i følgje Myrstad, at det no går for fort i svingane, og at kommunen ikkje bør legge ned skulen før neste år.

Ta ned dramatikken

Ordførar Jan Ove Tryggestad (Sp) vil ta ned dramatikken i saka, som han seier. Han har sjølv vore med på eit par folkemøte om skulesaka, og har registrert innspela frå foreldra. Nokre vil ha rask avklaring, andre vil ha meir tid.

Jan Ove Tryggestad

Ordførar i Stranda Jan Ove Tryggestad (Sp) seier saka om kvar borna i Liabygda skal gå på skule, ikkje er noko hastesak for kommunen.

Foto: Trond Vestre / NRK

Dette er inga hastesak for Stranda. Tvert om, seier Tryggestad.

– Så det er ikkje sikkert skulen blir lagt ned frå hausten og borna overført til Ringstad skule?

– Innspela etter høyringsrunden kan bety at vi gir oss sjølve meir tid i saka, svarar ordføraren.

Tryggestad presiserer at saka ikkje er avgjort, og seier den politiske leiinga og dei folkevalde, skal behandle saka til det beste for både foreldre og born.

Ikkje åleine over fjorden

Dersom seksåringar skal fraktast over fjorden for å gå på skule, må kommunen opprette eigna transport for dei, meiner han.

– Å sende dei på ferje utan oppfølging, vil eg personleg aldri gå med på. Men så langt i debatten har vi ikkje kome enno, seier han.

Senterpartiordføraren ser også framtida til elevar frå Liabygda i lys av framtidig kommunestruktur.

– Norddal og Stordal arbeider for å samle kommunane under ei fane. Og folk i Liabygda diskuterer jo kvar dei skal høyre til i framtida. eg oppfattar ikkje at det er eit einsretta syn på det, seier Jan Ove Tryggestad.

Saka skal opp i formannskapet 22. mai og i kommunestyret i Stranda 8. juni.