Hopp til innhold

Vegvesenet: – Tviler på vegopning før nyttår

Stor fare for fleire skred gjer at Vegvesenet må vassbombe fjellsida i Dalsfjorden. Det kan dryge over nyttår, seier Kjell Haukeberg i Statens vegvesen.

Ras i Dalsfjorden

Ein svær kampestein raste ned på fylkesveg 40 etter at steinar losna 4–500 meter oppe i fjellet i Dalsfjorden.

Foto: Sindre Kvangardsnes

Fredag losna ei stor steinblokk og stengde fylkesveg 40 mellom Åmelfot og Innselset i Dalsfjorden i Volda.

Fjellhammaren har rast ned frå 4–500 meter oppe i fjellet og det er fare for at meir av fjellet skal losne.

Kjell Haukeberg

Kjell Haukeberg i Statens vegvesen seier dette er ei dårleg årstid for fjellrydding, grunna kulde, snø og anna nedbør.

Foto: NRK

Laurdag kl. 13.45 kan Kjell Haukeberg frå Vegvesenet melde til NRK at han og geologen har inspisert fjellsida med helikopter, og konklusjonen er klar:

– Det ser stygt ut, og det er altfor mykje lause steinar i fjellsida til at vi kan opne vegen. Akkurat no er det stor sjanse for at det vil gå nye skred ned til vegen, seier Haukeberg.

Må vassbombe

Det betyr at Vegvesenet vert nøydd til å setje i verk tiltak for å hindre nye skred.

– Vi må få tak i eit helikopter, og anten vassbombe fjellsida eller slå laus steinane med ei kule.

Dermed held ein fram med stenginga av vegen på ubestemt tid. Haukeberg seier det er for tidleg å gje nokon lovnadar om når den vert opna for fri ferdsel. Han ser bort frå aldeles ikkje at stenginga kan vare til over nyttår.

– Dette er så ferskt at eg ikkje har snakka med mine overordna eingong. Vi veit ikkje om det finst verken ledig helikopter eller mannskap, så vi må sjå det an, seier han.

Haukeberg understrekar at dette er ei vanskeleg årstid å rydde fjell på, med alt den fører med seg av kulde, snø og anna nedbør.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL