NRK Meny
Normal

– Trur Helse Midt-Norge får kritikk

– Det blir godt å høyre konklusjonane etter alt bråket, seier Ingunn Golmen. Etter påske legg kontroll- og konstitusjonskomitteen fram sin konklusjon om helseministeren si rolle i sjukehusstriden. Ho trur komiteen vil vere kritiske til Helse Midt-Norge.

Ingunn Golmen

Ingunn Golmen er leiar for Orkide, som er ordførar- og rådmannskollegiet på Nordmøre.

Det var venta at resultatet skulle vere klart tysdag, men saka er no utsett til over påske.

– Det var ein spesiell dag då høyringa var, så no blir det greitt å høyre kva dei har konkludert med, seier Golmen.

Høyringa i februar kom i stand etter at komiteen ikkje var fornøgd med svara helseministeren hadde gitt om si rolle i striden om plasseringa av eit nytt fellessjukehus i Nordmøre og Romsdal. Også helseføretaka si handtering av prosessen blei tema.

– Vi trur kanskje ikkje det kjem så veldig mange nye element i konklusjonen, men det som blir intressant er å sjå korleis komiteen vektar dei ulike elementa, seier ho.

Golmen seier ho trur det er særleg Helse Midt-Norge som vil få merksemd.

– Eg trur nok det kjem sterk kritikk mot Helse Midt Noreg og deira måte å handtere prosessen på, seier ho.

Skal møtast for å diskutere svara

Golmen seier ho vil setje seg grundig inn i konklusjonen, og at ordførar- og rådmannskollegiet skal diskutere kva dei skal gjere vidare.

– Vi har blitt samde om å ha eit møte i Kristiansund for å gå gjennom saka og det som har kome fram. Då vil vi også diskutere kva vi eventuelt kan gjere vidare.