Hopp til innhold

– Trur avtalen om politireforma er klar om få veker

Omlegginga av politidistrikt er inne i sluttfasen. Parlamentarisk leiar i Frp, Harald Tom Nesvik, trur avtalen mellom regjeringa og støttepartia kan vere klar om eit par veker.

Harald Tom Nesvik

Harald Tom Nesvik seier forhandlingane er i sluttfasen.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Framleis er det uklart kor mange politidistrikt det skal vere i framtida. Partia er samde om at dagens 27 er for mange, men der sluttar semja. I det mest radikale alternativet er det teikna inn seks politidistrikt.

– Forhandlingane er i sluttfasen, så dei kan vere ferdige i løpet av eit par veker. Etter det skal Regjeringa førebu ei sak til Stortinget, seier Nesvik

Samla til debatt i dag

I dag var politi-tilsette frå heile Sunnmøre samla til eit seminar i Ålesund. Politikarar frå fleire parti var inviterte for å diskutere dei varsla endringane. Eit sentralt spørsmål var naturleg nok talet på politidistrikt i framtida.

– Det er viktig å sikre god kompetanse i det enkelte distrikt, seier Nesvik.

– Då meiner vi det ikkje er realistisk å halde oppe 27 som i dag, men vi meiner også at 6 blir for lite. Vi meiner du kan sikre gode tenester til folk sjølv om politimeistrane sit på færre plassar, så lenge du får fleire operative politifolk ute i distrikta.

– Ønskjer fylkesmodell

Jenny Klinge

Jenny Klinge vil at politidistrikta skal følgje fylkesgrensene.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Jenny Klinge frå Senterpartiet sit i Justiskomiteen på Stortinget, og er tydeleg på at Senterpartiet ikkje ønskjer for få distrikt.

– Vi ser for oss ein fylkesmodell, og det vil innebere 18 politidistrikt, eventuelt nokre fleire. Vi ønskjer ikkje ei massiv samanslåing ned til fem eller ti, og då er ein fylkesmodell ei fornuftig ordning.

Også ho meiner folk skal kjenne seg trygge på at politiet er til stades når dei treng det.

– Vi er opptatt av nærpolitiet, at vi har eit politi som kjenner folk og at folk kjenner politiet. Då må vi ha eit mangfald av lensmannskontor, og det blir vanskeleg dersom vi skal ha landsdelspolitimeistrar med ansvar for store einingar.

– Spesielle utfordringar for Vestlandet

Else-May Botten

Else-May Botten seier Arbeidarpartiet ønskjer anna inndeling enn fylkesgrensene.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Også Else-May Botten frå Arbeidarpartiet trur på ein fylkesmodell – i alle fall på Vestlandet.

– Vi har ikkje landa heilt på kva vi ønskjer, men går nok ikkje for ein fylkesmodell for heile landet, vi vil ha færre distrikt enn det. Men vi meiner at Vestlandet og Nord Norge har spesielle utfordringar når det gjeld geografi som gjer at det kan vere fornuftig å tenke ei fylkesinndeling der, seier Botten.

– Vil kome i gang

Hans-Erik Pettersen

Hans-Erik Pettersen er lensmann i Giske og lokallagsleiar i Norges politileiarlag.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

– Vi vil få på plass ei avgjerd, slik at vi kjem i gang.

Det seier lokallagsleiar i Norges politileiarlag, Hans Erik Pettersen.

Han ønskjer reforma velkomen.

– Vi ser at det trengst strukturgrep. Mellom annan har politidistriktet vårt behov for å vekse, slik at vi blir meir sjølvstendige og har mindre behov for bistand frå Kripos eller Økokrim, seier Pettersen.