Hopp til innhold

– Trump har gitt oss eit basseng med humor

ÅLESUND (NRK): Komikaren André Ulveseter hadde ikkje trudd at reaksjonane skulle bli så enorme då han twitra om fabrikken som lagar «Trump-parykkar». No har han ein heit draum om at til og med presidenten sjølv skal bli merksam på oppslaget på Twitter.

Ulveseter Trump Whig

Slik publiserte André Ulveseter «parykk-bileta» på Twitter.

Foto: Skjermdump Twitter / NRK

Opphavleg var det den canadiske fotografen Christy Mohr som oppdaga den slåande likskapen mellom det visne graset på Kvaløya i Troms og håret til dåverande presidentkandidat Donald Trump.

Også i 2016 gjekk biletet verda rundt. Til avisa Nordlys sa ho den gongen at ho og ei venninne oppdaga synet då dei gjekk tur i fjøra.

– Vi heldt på å le oss i hel. Så eg tok eit bilete med mobilen min og delte det på Facebook, sa ho den gongen.

Men så skulle det altså by seg nye høve til bruke biletet. Og no var det den amerikanske presidenten, Donald Trump, sitt utspel om at han heller ville ha innvandrarar frå Noreg enn frå det han kalla «shithole countries».

Trump loves Norway because we grow his hair

A. Ulveseter

I Ålesund sat komikaren André Ulveseter og lurte på kvifor i all verda Trump skulle like Noreg så mykje betre enn andre land.

– Eg sat og tenkte på kvifor i alle dagar han kan vere så glad i Noreg, bortsett frå at vi er kvite i huda. Då kom eg på bileta frå «parykk-farmen». Då lånte eg bilete frå VG-videoen og skreiv litt om på den opphavlege parykk-farm-teksta so gjekk viralt for to år sidan, seier Ulveseter til NRK.

Laster Twitter-innhold

Og reaksjonane let ikkje vente på seg. Kommentarane hagla inn og folk distribuerte oppslaget vidare. På kort tid var det 65.000 Twitter-brukarar som hadde sendt oppslaget vidare, 190.000 hadde likt posten og snart 1 million Twitterbrukarar har sett posten.

– Twitter-appen min krasja heile tida og eg måtte skru av varslingane. Då var det berre å sjå tala stige, seier Ulveseter.

Ulveseter hadde ikkje trudd at så mange skulle bry seg om den vesle meldinga han sende ut på Twitter. Men han ser heilt klart at Donald Trump er gull verdt for komikarar.

– Det ligg eit basseng av humor der. Det er mykje å ta han på. Og det hadde vore veldig gøy om også han sjølv hadde re-tweeta denne posten, skrattar Ulveseter.