Hopp til innhold

– Truger har fått eit nytt vindpust

Interessa for å gå på fjelltur med truger om vinteren er aukande. – Eit godt alternativ for dei som ikkje vil gå på ski, seier generalsekretæren i Norsk Friluftsliv.

Oliver clausen Bekken og Andreas Austvik

Oliver Clausen Bekken og Andreas Austvik synest det var gøy å prøve truger. Her frå Skaret i Molde.

Foto: Roar Strøm / NRK

På Skaret i Molde er ei gruppe på rundt 30 barn og unge i ferd med å trakke seg innover det solfylte landskapet. Men i staden for ski har dei truger på beina. Mange av dei for første gong.

– Det var litt ubehageleg i starten, men så blir du vand til det, seier Emilie Holm Svartvatn smilande.

– Fordelen er at ein slepp å søkke ned i snøen. Det var litt vanskeleg, men gjekk betre når eg fekk inn teknikken, seier Emil Hustad.

Truger gir fridom

Over heile landet blir det organisert felles trugeturar. I Molde var det Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal, Norges Jeger- og Fiskerforbund og Molde og Romsdals Turistforening som stod bak arrangementet.

Håvard Wiggen​, friluftsveiledar i Noregs jeger- og fiskeforbund

Håvard Wiggen​, friluftsrettleiar i Noregs jeger- og fiskeforbund, seier at truger er noko alle kan bruke.

Foto: Roar Strøm / NRK

Håvard Wiggen​, friluftsrettleiar i Noregs jeger- og fiskeforbund, trur det er fleire årsaker til at truger no har blitt så populært.

– For det første er det mykje meir snø denne sesongen. I tillegg er det enkelt å gå på truger og ingenting som må smørjast.

Wiggen trur også at truger gir mykje fridom.

– Ein kan gå både i slakt og bratt terreng, og kjem lettare fram i skogen enn med ski.

Trugetur i Molde

Rundt 30 barn og unge blei med på trugetur på Skaret i Molde.

Foto: Roar Strøm / NRK

28.000 nye par i år

– Det er utan tvil fleire som kjøper truger no enn tidlegare, særleg dei to siste åra. Det veks stadig og det verkar som det har kome eit nytt vindpust i trugebransjen, seier avdelingsleiar Marius Grebstad ved XXL i Ålesund.

Marius Grebstad

Marius Grebstad ved XXL i Ålesund seier det har vore ei merkbar auke i salet av truger.

Foto: Ingrid Telset Heltne / NRK

Sportskjedene vil ikkje ut med tal, men administrerande direktør i Norsk Sportsbransjeforening, Trond Evald Hansen, anslår at det blir selt cirka 28.000 par truger denne vinteren, noko som er rekord. Sesongen 2013/14 blei det selt 18.000 par.

Det er folk i alle aldrar som handlar truger i butikken.

– Det er alt frå 16-åringar som går på fjellet og renn ned på snowboard, til vaksne som vil på tur. Vi ser at det er mange Facebook-grupper der folk arrangerer felles trugeturar. Fleire deler også bilete i sosiale medium, noko som bidreg til å auke interessa, seier Grebstad.

Godt alternativ

Norsk Friluftsliv er ein fellesorganisasjon for 16 frivillige friluftslivsorganisasjonar, med nærare 1 million medlemmer. Generalsekretær, Lasse Heimdal, seier at truger er eit godt alternativ for dei som er glad i å gå vintertur i skog og mark.

Generalsekretær Lasse Heimdal i Norsk friluftsliv

Lasse Heimdal, generalsekretær i Norsk Friluftsliv, seier truger er eit godt alternativ for dei som ønskjer å bruke naturen om vinteren.

Foto: Norsk Friluftsliv

– Det er berre halvparten av alle nordmenn som går på ski. Vi er utruleg interessert i friluftsliv og truger gjer det mogleg for dei som ikkje er så glad i å gå på ski til å kome seg ut.

Heimdal trur også at den aukande interessa skuldast ei stor utvikling på utstyrsfronten.

– No har det kome truger for alle bruksnivå. Mange synest også det er spennande å prøve noko nytt.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL