Hopp til innhold

– Trudde ingen skulebarn såg blottinga

Under overgrepssaka i Sunnmøre tingrett hevda tiltalte at han ikkje trudde at skulebarna såg han då han blotta seg. Han vedgjekk at han bad barn om å kle av seg framfor webkamera, men nektar for å ha påverka dei i juridisk forstand.

Ålesund tinghus

Det er sett av 7 dagar til den omfattande overgrepssaka i Sunnmøre tingrett.

Foto: Terje Reite / NRK

Mannen køyrde rundt omkring i store deler av ålesundsområdet, såg på mindreårige og andre medan han onanerte. Han hevdar at bilen alltid var i fart og at han ikkje trudde nokon såg han. Men i mars 2015 byrja vitneobservasjonane å kome frå Åse skole og frå Volsdalen skole i Ålesund. Men køyreturane gjekk også til nabokommunen Sula, til Vestnes og til Rauma.

Cathrin Remøy

Aktor Cathrin Remøy.

Foto: Terje Reite / NRK

– Dette er ei alvorleg sak. Det er veldig mange barn som er fornerma her. Dei har opplevd ting som barn ikkje skal oppleve. Det handlar om blotting, åtferd via internett og det ligg føre overgrepsmateriale i saka, seier aktor Cathrin Remøy til NRK.

– Ei spenning

Under si forklaring i Sunnmøre tingrett avviste tiltalte at han har ei pedofil legning. På spørsmål frå dommar Knut Anders Oskarson vedgjekk han likevel at han må ha vore tiltrekt av barn.

– Det var ei spenning. Det var vel kanskje det, sa tiltalte.

Tiltalte vegra seg litt mot å forklare seg detaljert i retten.

– Det eg har sagt i avhøyra er rett. Eg vil helst at politiet legg fram dette, sa han.

Tiltalte har vedgått at han køyrde i bilen sin rundt til skular i Ålesund. Men han hevda at han ikkje trudde at barna såg kva han gjorde.

– Bilen var i fart heile tida. Vindauga var kanskje rulla ned. Om barna såg meg må det i tilfelle ha vore berre nokre få sekund. Eg trudde ikkje at nokon såg meg, sa tiltalte.

Han forklarte at bilen var høg og hevda at han ikkje hadde blikkontakt med nokon av barna ved skuleområda. Mannen er tiltalt for å ha blotta seg og utført andre krenkande handlingar i påsyn av barn ved skular i Ålesund og Sula.

Sunnmøre tingrett

Saka blir administrert av dommar Knut Anders Oskarson.

Foto: Terje Reite / NRK

– Mykje tvilsamt prat

Chatten med dei mindreårige gutane gjekk i stor grad føre seg på Skype og på chatte-stadene Chatroulette og Omegle.

– Det er vel mykje tvilsamt prat der. Det var vel slik det går føre seg. Vi pakkar vel ikkje orda inn. Det er rett på sak, sa tiltalte. Nokre gongar bad eg om at dei skulle kle av seg. Andre gongar skjedde det uansett, sa han.

Tiltalte forklarte fleire gonger at det handla om spenning. Det handla mykje om å få sjå den han snakka med utan kle på. Han svarte bekreftande på at han spurte om å få sjå dei mindreårige gutane nakne og å få dei til å utføre seksuelle handlingar.

– Påverka dei ikkje

Under rettssaka avviste tiltalte at han har påverka dei mindreårige til å kle av seg og å utføre seksuelle handlingar. Han stadfesta likevel at han spurte barn han chatta med om å kle av seg.

Mari Vik-Slettvoll

Forsvarar Mari Vik-Slettvoll.

Foto: Terje Reite / NRK

– Eg tenkte at dei kunne kutte kontakten. Men eg skulle aldri ha gjort dette, sa tiltalte.

– Kan di framferd ha fått dei til å gjere det, spurte aktor?

– Hadde eg ikkje spurt, så hadde det nok ikkje skjedd, sa han.

Når det gjeld kontakten tiltalte har hatt med mindreårige via internett, har han vedgått dei faktiske forholda i stor grad.

Han vedgår dialogen han har hatt. Det betyr at han vedgår straffskuld når det gjeld seksuelt krenkande åtferd overfor mindreårige på dette punktet. Men han meiner at han rettsleg sett ikkje har forleda dei mindreårige til å kle av seg eller utrøre seksuelle handlingar, seier forsvarar Mari Vik-Slettvoll.

Fleire køyreturar

I politiavhøyr har den tiltalte mannen forklart at han har gjennomført mange køyreturar der han blant anna såg etter mindreårige samtidig som han onanerte. Han har forklart seg om køyreturar både i Ålesund, Sula, Vestnes og Rauma.

I tiltalen er det barneskular som er omtalt. Men i avhøyr har tiltalte forklart at han har oppsøkt både ungdomsskular, vidaregåande skular og høgskulen.

Ifølgje tiltalte har han ikkje hatt noko ønske om å bli sett av mindreårige. Han har forklart at det var det å sjå mindreårige som var viktig for han.

Det var faren for å bli oppdaga som tente han mest, har han forklart i politiavhøyr.

Hevdar han angrar

Under rettssaka hevda mannen at han i dag angrar på det han gjorde, og at han ser at han har øydelagt mykje for mange.

– Det er forferdelege greier. Det er det ikkje tvil om. Eg angrar. Det skulle aldri ha skjedd. Det har øydelagt mykje, sa han. For min eigen del har det gått nedom og heim. Eg miste arbeidet mitt på grunn av saka. Eg fekk tilbod om å seie opp sjølv og gjorde det. No er det vanskeleg å få ny jobb. Familien er knust, sa han.

På spørsmål frå domaren sa han at barna som har vore utsette for handlingane hans truleg har det trasig. Han hevda også at han ikkje kjem til å utføre liknande handlingar igjen.

– Eg er ikkje frista til å gjere det igjen. Eg blir kvalm når eg tenkjer på det. Eg burde ha betre vet. Eg var den vaksne opp i dette. Eg burde ha kutta det ut, sa han i retten.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL