Hopp til innhold

– Det største verditapet er historia

Det er berre ruinar igjen av kystperla Flåvær i Herøy. Onsdag var politiet på branntomta for å sjå på dei enorme skadane.

Eit verneverdig hus og to sjøbuer på Torvholmen i Herøy er fullstendig nedbrende.

Torvholmen og dei andre holmane i Flåvær vart avfolka allereie i 1994. Husa på Torvholmen har dei siste åra blitt brukt som feriestad eller utleige til ulike selskap. No er ferieidyllen vekk – det er berre ruinane som står att.

Foto: Arne Flatin / NRK

Kjartan Spidsberg

Eigeren av Flåvær, Kjartan Spidsberg, fortel at det er umogeleg å erstatte historia som var i dei gamle bygningane.

Foto: Kristin Veskje, Gudbrandsdølen Dagningen

Dei historiske bygningane på Torvholmen i Herøy er borte for alltid. Eigaren Kjartan Spidsberg ser på brannen som ei katastrofe. Hovudhuset og dei to sjøbuene var verdt mellom fem og ti millionar kroner – men det er ikkje pengane som er verst å tape, meiner Spidsberg.

– Det største verditapet er historia. Gamle papir, garn og alt innhaldet i nausta som går heilt tilbake til sildetida på 1800-talet. Det går ikkje an å skape på nytt, seier Spidsberg.

Tapt for alltid

Han fortel at han har eit ønskje om å byggje opp att husa på Torvholmen. Sjølve fasadane skal han klare å kopiere, men det låg mykje historie i desse husa som er tapt for alltid.

– Mange av dei tapte tinga er fleire hundre år gamle – og det klarer vi ikkje å erstatte, seier Spidsberg, som vanlegvis bur på Ringebu i Gudbrandsdalen.

Brannen på Torvholmen i Herøy

Det er berre skalet som står igjen av våningshuset på Torvholmen i øygruppa Flåvær.

Foto: Arne Flatin / NRK

Framleis varmt på branntomta

Onsdag formiddag var politiet på branntomta for å sjå på skadane. Då ferieparadiset stod i brann kom ikkje politiet seg til staden som ligg ute i havet mellom Bergsøya og Gurskøy i Herøy. Bannvesenet stod for sløkkinga saman med Redningsskøyta.

Onsdag rauk det framleis frå ruinane, og politiet kan ikkje starte det tekniske arbeidet før området har kolna. Dei håper å starte med undersøkingane om nokre dagar. Etter det NRK forstår har brannen starta på kjøkkenet i ei av sjøbuene.

Eit trist syn

Robert Helde

Sidan eigaren vanlegvis har adresse på Ringebu er Robert Helde oppsynsmann på Torvholmen. Han var ein av dei første som fekk den triste meldinga.

Foto: Arne Flatin / NRK

Oppsynsmann på Torvholmen, Robert Helde, seier at brannen utvikla seg utruleg fort. Han seier at det er svært trist at denne flotte staden tapte kampen mot flammane.

– Det var verre enn eld i tørt gras, og eg trur ikkje at det hadde vore mogleg å stoppa brannen, seier Helde.

Flåvær er ein veldig populær stad for selskap og liknande. Helde fortel at lokala var fullbooka heilt fram til jul – no må dei planane gjerast om på.

Reiste frå Torvholmen førre helg

Eigaren var heime på Ringebu då han fekk meldinga om brannen. Det er berre nokre dagar sidan han var der sist. To familiemedlemmar var der heilt til brannen starta tysdag kveld – dei hadde planlagd å reise heimover på ettermiddagen.

– Då dei var på veg ned til brygga for å reise heim oppdaga dei at det hadde begynt å brenne i eine naustet. Då ringde vi brannvesen og politi med det same, fortel Spidsberg, som seier at dei var heldige som hadde folk der ute som gav beskjed om brannen.

– Viss ikkje hadde nok heile holmen brent ned.

Klandrar ingen

Vindretninga jobba mot sløkkingsarbeidet – og brannen spreidde seg frå det eine naustet til det andre, og flammane tok også tak i våningshuset som ligg rett bak. Det var og utfordrande for redningsskøyta å få kontroll på flammane. Dei kom seg ikkje nært nok.

– Eg veit at dei har gjort sitt aller beste, og eg klandrar dei ikkje. Det er forferdeleg trist å få ein slik beskjed, men det er ikkje noko å gjere med det no, seier Spidsberg.

Fleire historiske bygningar brann ned på turiststaden Torvholmen. Verdiar for mellom fem og ti millionar kroner gjekk tapt.

SJÅ TV-SAKA: Torvholmen og dei andre holmane i Flåvær vart avfolka allereie i 1994. Husa på Torvholmen har dei siste åra blitt brukt som feriestad eller utleige til ulike selskap. No er ferieidyllen vekk – det er berre ruinane som står att.

Oppsynsmann på Torvholmen, Robert Helde, seier at brannen utvikla seg utruleg fort. Han seier at det er svært trist at denne flotte staden tapte kampen mot flammane.

Foto: NRK/Arne Flatin.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL