Iver Nordseth meiner det er ein gamal argumentasjon og ei misforståing at ein samla plan for vindkraftutbygging i skal løyse alle problem.
– Skjult agenda
– Etter mi oppfatning og mange si oppfatning er det rett og slett ein måte å trenere utbygging av fornybar energi på.
– Meiner du at Naturvernforbundet har ein skjult agenda?
– Ja, det meiner eg absolutt, seier Nordseth.
Iver Nordseth
– Snudde
Nordseth hevdar det ikkje er tvil om at Naturvernforbundet, før det blei aktuelt med vindkraftutbygging, var svært positive til vindkraft. Men at dei då det blei aktuelt med utbygging, snudde tvert om og ville ha ei omfattande utgreiing.
– Det kan ikkje vere noko anna enn at dei ønskjer å utsetje satsing på vindkraft i mange, mange år, seier Nordseth.
Dei siste åra er det blitt lansert fleire vindmølleprosjekt i Møre og Romsdal. Det største og mest omstridde er Havsul, der det er planlagt vindmøller plassert ute i sjøen frå Vigra og Haram i sør til Averøy på Nordmøre i nord.
Heilheitsvurdering
Vindmølleparkar må byggast der det er mest miljøvennleg, meiner Naturvernforbundet.
Leiar i Møre og Romsdal Naturvernforbund, Øystein Folden, meiner ein samla plan for heile fylket vil skape ordna fohold og vise kvar det er miljøvenleg å bygge vindmølleparkar.
– Vi er interessert i å finne fram til dei stadane som i ei heilheitsvurdering er gunstige, seier Folden.
Han meiner utbyggarane sjølve berre vil bygge der det gir best økonomi.
Påstanden om skjult agenda let Folden vere å kommentere. Han vedgår likevel at utgreiingar vil ta litt lengre tid, men seier at vi ikkje bør gjere den same tabben med vindkraft som vi gjorde med vasskraft i si tid.
– Vekkasta tid
Iver Nordseth meiner ei konsekvensutgreiing for kvart enkelt prosjekt vil gje gode nok svar. Ein samla plan for heile fylket er berre å kaste vekk tida, meiner han. Ein slik plan vil ikkje gje særleg konkrete svar, og dessutan må kvar enkelt søknad behandlast ganske nøye likevel.
– Og då er vi omtrent like langt, seier leiaren for Landssamanslutninga av norske vindkraftkommunar, Smøla-ordførar Iver Nordseth.