Ber folk sette seg betre inn i snøskredvarselet

To personar omkom i snøskred i helga, og det er rapportert om mange nestenulykker. NVE ber no folk om å sette seg grundig inn i varselet, og ikkje gå i skredterreng dersom dei er usikre på om det er trygt.

SØKER: Helikopter frå Luftforsvaret blei sett inn i søket etter mannen som omkom i snøskred ved Brunstadhornet på Sunnmøre laurdag. FOTO: Luftforsvarets 330 skvadron

Mannen som omkom i skredet ved Brustandhornet i Sykkylven laurdag blei funnen i 16-tida måndag og blei henta ut av området ein og ein halv time seinare.

Faregraden for snøskred var mellom 2 og 3 på ein skala som går til 5 i Noreg i helga. Det er store lokale variasjonar, og talet åleine seier ikkje så mykje om kvar du bør gå på ski.

Rune Engeset

LES HEILE TEKSTEN: – Det er ikkje ufarleg å bevege seg i skredterreng sjølv om det er varsla 2 – moderat fare, slår Rune Engeset i NVE fast.

Foto: Roar Halten / NRK

– Vi fryktar at folk berre er inne og ser på talet. Det held ikkje om du skal ut i skredterreng. Du må lese heile teksten, seier seksjonssjefen for snøskredvarslinga til NVE, Rune Engeset.

Sju omkomne

NVE registrerer skredulykker og nestenulykker i Noreg. I vintersesongen 2017 til 2018 omkom tre personar i friluftsrelaterte snøskred.

Faregradskala for snøskred

EUROPEISK STANDARD: Faregradskalaen er Europeisk standard. Flest dødsulykker skjer på faregrad 3.

Foto: NVE

Denne sesongen er talet alt oppe i sju. Dette inneber at vinteren 2018/19 er den dødlegaste skredvinteren på fem år.

– Skredsesongen er enno ikkje over, og det er framleis fare for at talet kan auke, seier Håkon Heyerdahl i NGI til NTB.

Et anna tal er også interessant. Dei siste åra har folk blitt flinkare til å melde inn nestenulykker. Personar som var involverte i innrapporterte nestenulykker ved snøskred i fjor var 445.

Det var også fleire nestenulykker denne helga, der skiløparar løyste ut skred, utan å bli tatt.

– Varselet for helga viste tydeleg at du som skiløpar kunne løyse ut skred, og at skreda ville vere store nok til å kunne drepe deg, seier Engeset.

Han ber også folk om å ta omsyn til at varselet er ein prognose der det kan vere lokale variasjonar.

– Det er ikkje nok å berre lese heller, ein må også bygge seg erfaring og halde seg unna skredterreng dei dagane ein ikkje er trygge på det ein gjer.

Leiteaksjon Sykkylven

REDNINGSAKSJON: Røde Kors måtte gi opp forsøket på å få ut den omkomne mannen frå skredet på Sunnmøre i går, på grunn av skredfare og dårleg ver.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Risiko

Hovudredningssentralen for Sør-Noreg ber også folk vurdere grundigare om dei verkeleg skal legge turen til skredterreng. Etter ei helg der ein mann omkom i skred på Sunnmøre og ein i Troms, kom dei med denne meldinga på Twitter:

Laster Twitter-innhold
Her gikk skredet

OMKOM: Mannen i 20-åra, som blei tatt i dette skredet, nord for Harstad, omkom.

Foto: Nils Mehren / NRK

Operativ inspektør ved Hovudredningssentralen for Sør-Noreg, Andreas Bull, seier det til sjuande og sist er kva risiko du tek som er avgjerande.

– Det var mykje folk på tur i helga, og når det blir løyst ut seks skred på kort tid, så er det mange som har tatt for stor risiko. Vi har god nok varsling, folk får stadig meir kompetanse, og utstyret er svært godt. Det er ikkje der problemet ligg.

Han meiner folk har alle føresetnader for å ta gode val og sette seg inn i farane før dei legg ut på tur.

– Men så, på motsett side av vektskåla, så tar du for stor risiko fordi du har så lyst å oppnå den opplevinga det er å nå akkurat den toppen, seier han.

Hvert år omkommer mennesker etter å ha blitt tatt av snøskred i Norge. Om man skal ha sjanse til å overleve, er kameratredning det aller viktigste å kunne.

KAMERATREDNING: Sekunda tel dersom nokon blir tatt av skred. Å kunne kameratredning er avgjerande.