Hopp til innhold

– Lyntoget må gå gjennom Gudbrandsdalen

I dag offentleggjorde Jernbaneverket utgreiinga om lyntogutbygginga i Noreg. Utgreiinga legg vekt på kort reisetid, og i mindre grad tilbod til dei som bur langs lina.

Lyntog

Den nordlege utbygginga stiller i dag eit stykke bak i køen. – Men når den nordlege utbygginga kjem, må toget gå Gudbrandsdalen, meiner Gunn Berit Gjerde.

Foto: GABRIEL BOUYS / AFP

Det er strekninga Oslo-Bergen via Sørlandet som er prioritert på topp i utgreiinga. Dermed blir det truleg ein kamp for utbygginga mellom Oslo og Trondheim.

I rapporten framgår det at reisetida mellom Oslo og Trondheim blir minst om bana går gjennom Østerdalen. Gjennom Østerdalen vil reisa ta 2 timar og 11 minutt. Gjennom Gudbrandsdalen vert reisa over tre kvarter lenger.

Gunn Berit Gjerde

Gunn Berit Gjerde er leiar i lyntogforum i Møre og Romsdal.

Foto: Bjørn Sigurdsøn / Scanpix

Konklusjonen er at begge alternativa er konkurransedyktige i forhold til fly, men at lina gjennom Østerdalen er den mest konkurransedyktige.

– Kan bli kopla av for all framtid

Prioriteringa av Østerdalen fram for Gudbrandsdalen fører til sterke reaksjonar frå fylket Møre og Romsdal. Dette er eit folkerikt fylke, med ein omfattande eksportindustri. No vil fleire aktørar arbeide for at Gudbrandsdalen blir prioritert.

– Dersom dei vel Østerdalen blir Møre og Romsdal kopla av togsatsinga for all framtid, seier Gunn Berit Gjerde i lyntogforum i Møre og Romsdal.

– Må velje Gudbrandsdalen

Møre og Romsdal er knytt til det norske jarnbanenettet gjennom Raumabanen. Banen fraktar store mengder gods frå endestasjonen Åndalsnes i Rauma. Her blir det frakta varer til eksport, både frå fiskeindustrien, møbelindustrien og anna gods frå den ekspansive industrien i Møre og Romsdal.

– Vi er nøydde til å bruke all kapasitet til å få Stortinget til å velje Gudbrandsdalen og ikkje Østerdalen, seier Gjerde.

Møre og Romsdal har eit folketal på 256 000. Til samanlikning har Hedmark i overkant av 192 600. Men når det gjeld hurtigtog er det i første rekkje befolkninga ved endestasjonane, som Trondheim og Oslo, som er utslagsgjevande.

  • Les også:

– Kan stoppe oftare

Gunn Berit Gjerde meiner at lyntog også bør spele ei rolle for dei som bur langs lina. Ei bane gjennom Gudbrandsdalen kan tene folk i det folkerike Møre og Romsdal også, meiner ho.

– Dei har ikkje sett på befolkningskonsentrasjonane. Dei har ikkje teke høgde for at også eit lyntog kan stoppe på fleire stasjonar. Eit tog gjennom Gudbrandsdalen kan nå mykje meir folk enn eit tog gjennom Østerdalen, seier Gjerde.

Gunn Berit Gjerde har forståing for at eit av føremonene til lyntog er den kjappe transporten mellom to endestasjonar. Men ho meiner at trafikken kan organiserast slik som flytoget, der det fins både ekspresstog og tog som stoppar på fleire stasjonar.

– Det blir snakk om så mange tog kvar dag, at nokre kan ha få stopp, nokre litt fleire og nokre kan ha mange stopp, seier Gjerde.