Hopp til innhold

– Testlandinga var suksess

I dag var det testlanding av det nye redningshelikopteret ved sjukehuset i Ålesund. Dei nye redningshelikoptera har skapt trøbbel for sjukehus rundt om i landet. Lufttrykket er så høgt når dei landar, at det kan vere farleg å vere i nærleiken. Basesjef Harald Jøsendal seier at landinga var ein suksess og det var ingen registrerte skader. Helseføretaket hadde 20 vakter til stades. Dei nye redningshelikoptera skal erstatte Sea King-helikoptera.

Eit av dei nye redningshelikoptera gjorde ei testlanding ved Ålesund sjukehus for å sjå om det er trygt å lande der med denne helikoptertypen.