– Tala er gledelege

Statens vegvesen gler seg over at det ser ut til å bli langt billegare å krysse Romsdalsfjorden ferjefritt enn først venta. Det sa Håvard Austvik i vegvesenet til NRK etter folkemøtet i Midsund i kveld. – Tala er gledelege. Ein kan kome seg frå Ørskogfjellet til Molde for 168 kroner med rabatt. Det er 65 kroner meir enn for ferja, men ein sparer 40 minutt reisetid, seier Austvik.