Hopp til innhold

– Trekkjer meg heilt ut av kommunepolitikken

Frank Sve seier han trekkjer seg ut av kommunepolitikken i Stranda etter å ha blitt mobba. Det skjer dagen etter at han vart skulda for å ha pynta på rekneskapsprognosane til Strandafjellet KF.

Frank Sve

Frank Sve trekkjer seg frå alle politiske verv i Stranda kommune. Han møter heller ikkje i kommunestyret.

Foto: Terje Reite / NRK

Frank Sve måtte gje frå seg den politiske makta i Stranda etter kommunevalet. Sjølv om han blei vald inn i kommunestyret, trekkjer han seg no heilt ut av kommunepolitikken i Stranda.

Sve seier til NRK at han har vore utsett for svært mange personangrep. Særleg gjeld dette, ifølgje Sve, i lokalavisa Sunnmørsposten, både i papirutgåvene og på Internett.

– Eg føler eg blir mobba ut av politikken. Der er opne bloggar, både i Sunnmørsposten og andre stader, der det er sjikanar som ikkje liknar nokon ting, seier Frank Sve til NRK.

Store investeringar på Strandafjellet

Frank Sve har vore ordførar i Stranda i åtte år. I samband med kommunevalkampen kom kommunen og ordføraren i fokus, særleg på grunn av dei omfattande investeringane i skianlegg på Strandafjellet.

Saman med investeringane på Strandafjellet, og mellom anna prosjekt med djupvasskaier, har Stranda kommune kome heilt i noregstoppen i kommunegjeld. Kommunerevisjonen og kontrollutvalet i Stranda har uttrykt uro kring dei økonomiske utfordringane til kommunen.

Strid om økonomiske prognosar

Avisa Sunnmøringen skriv tysdag ettermiddag at Frank Sve er skulda for å ha pynta på rekneskapsprognosane til Strandafjellet KF. Han skal ha vore konfrontert med skuldingane måndag kveld.

Dagleg leiar i Strandafjellet KF, Torill Callsen, skal i juni ha hatt tal som viste at det kommunale føretaket kunne få eit underskot på 5,8 millionar kroner. Den informasjonen blei ifølgje Sunnmøringen ikkje presentert for styret og kommunestyret. I staden blei det presentert prognosar som sa at økonomien stort sett var i balanse, skriv avisa.

– Det var «tala til styreleiaren»

Det er i eit brev til kontrollutvalet i Stranda at dagleg leiar i Strandafjellet KF, Toril Callsen, skriv at det var styreleiar Frank Sve som hadde utarbeidd ein rapport som viste at Strandafjellet KF skulle drive utan underskot, skriv Sunnmøringen.

Callsen skreiv, ifølgje Sunnmøringen, at dette var «tala til styreleiaren».

Toril Callsen kommenterer ikkje desse opplysningane overfor lokalavisa.

– Eg reagerer svært kraftig. Desse skuldingane er heilt ut på jordet, det er heilt utruleg. Dette er enda eit ledd i svertekampanjen som er sett i gang mot meg, seier Frank Sve til NRK.

Tertialrapport blei omarbeidd

NRK har fått tilgang til rapporten frå Strandafjellet KF som no går til Kontrollutvalet i Stranda. Her framgår det at ein økonomirapport for 1. tertial blei utarbeidd administrativt.

Dette står i rapporten:

Ein 1. tertialrapport blei utarbeidd administrativt. Med bakgrunn i meir positive forventningar til utvikling ut året 2011, blei tertialrapporten omarbeidd av dåverande styreleiar. (Frank Sve). Denne blei vedteken av styret i føretaket og handsama og vedteken i kommunestyret i Stranda.

Frank Sve seier til NRK at han held fast på at verken han eller nokon andre visste om noko underskot i april.

– Eg skal takast

Til NRK seier Frank Sve at han trekkjer seg frå kommunepolitikken fordi han opplever at kritikken mot han er personleg og retta direkte mot han. Dette har vore vanskeleg å takle for Frank Sve og familien hans.

– Eg skal tydelegvis takast. Eg taklar dette ikkje lenger. Familien min gjer det heller ikkje. Eg tykkjer det er dramatisk at det skal vere slik i ein liten kommune. Ein skal takast, takast uansett, for ein kvar pris, seier Frank Sve til NRK.

Men du kan vere skarp i kommentarane du også. Tåler du ikkje at andre tek igjen?

– Jau. Eg er ein tabloid politikar. Og eg har tålt det aller meste. Eg har tålt mykje, mykje meir enn det eg skal tåle. Men der er ei grense for kva ein skal tåle. No er den grensa nådd for min del, seier Sve.

– Dei driv ein hataksjon

Frank Sve brukar sterke ord om det han opplever no. I intervju med NRK kallar han det som blir skrive for ein hataksjon.

– Eg trekkjer meg ut av kommunestyret og formannskapet. Eg kan ikkje site der. Det er ei umogleg belastning slik det er no. Den hataksjonen som enkelte driv både på nettet og andre stader, gjer at dette blir ei umogleg belastning, seier Sve.

Held fram i fylkespolitikken

Frank Sve held fram i fylkestinget og i fylkesutvalet. Han meiner han har mykje ugjort der.

– Eg er absolutt ikkje på veg ut av politikken. Eg sit med svært mange verv i fylkespolitikken. Men det er på eit seriøst og skikkeleg nivå. Der har eg ingen problem med å vere. Eg kjem til å konsentrere meg heilt og fullt kring fylkespolitikken, og eventuelt verv på høgare nivå. Så lenge kommunepolitikken fungerer på eit slikt vanvittig nivå i Stranda, er det uaktuelt å gå inn der, seier Sve.