Hopp til innhold

Mange barnehagar blir styrt av ufaglærte

Barnehagane i Møre og Romsdal slit med å skaffe seg kvalifisert personale.

Barnehage.

Det er mange avdelingar i barnehagar som blir leia av ufaglærte. (Illustrasjonsbilete)

Foto: Stian Lysberg Solum / SCANPIX

Om lag 235 tilsette i barnehagane i fylket har fått dispensasjon for utdanningskravet som førskulelærar.

Utdanningsdirektør hos fylkesmannen, Alv Walgermo, meiner situasjonen er svært alvorleg.

– Det er veldig urovekkjande, for kompetansen til personalet har betydning for kvaliteten i barnehagen, seier Walgermo.

Konsekvensen er at der er avdelingar i barnehagar som blir leia av ufaglærte.

– Det er mange ufaglærte som gjer ein god jobb, men likevel så krevs det mykje kompetanse for å leie ei avdeling, i forhold til rettleiing til foreldre osv., seier Walgermo.

Tidleg innsats

Alv Walgermo

Utdanningsdirektør hos fylkesmannen, Alv Walgermo.

Foto: Aina Rødal / NRK

No er det krav om tidleg innsats, ein må sette i verk tiltaka tidleg for at ein barnehage skal gå bra.

– Dei med kompetanse kan gå inn og førebygge meir, i staden for at det kjem i etterkant, seier Walgermo.

Grunnen til at kommunane kjem i ein slik situasjon, meiner Walgermo er fordi det er ei enorm utbygging av barnehagar no. Dette krev enda fleire tilsette.

– Det kjem ei stortingsmelding og ein strategi for kompetanse til born. Vi håper der er pengar, og mykje gode tiltak for å styrke personalet i barnehagen, seier Walgermo.

Pedagogisk institusjon

Barnehagen er blitt viktigare enn nokon gong meiner utdanningsdirektøren.

– Det er blitt ein pedagogisk institusjon. Derfor må trenden bli snudd, avslutter Walgermo.