Vikarabyrådirektivet er fastsett av EU. Det har to mål. Det skal bli lettare for arbeidsgjevarar å leige inn arbeidskraft. Og vikarar og faste tilsette skal likebehandlast.
I Noreg er vikarbyrådirektivet svært kontroversielt. Store deler av fagrørsla i Noreg meiner at direktoratet kjem til å føre til auka bruk av vikarar, færre fast tilsette og mindre makt til fagforeiningane.
- Les også:
– Får ikkje trumfe gjennom direktivet
No seier Møre og Romsdal klart ifrå at SV må ut av regjeringa om Arbeidarpartiet held fast ved forslaget om å innføre vikarbyrådirektivet i Noreg.
– Dersom dei trumfar igjennom vikarbyrådirektivet bør ikkje SV sitje i regjeringa, seier fylkesleiar i SV, Oddrun Årflot.
- Les også:
- Les også:
– Klimasaka blir vanskeleg
Vikarbyrådirektivet er ikkje den einaste saka SV må setje hardt mot hardt på, iløgje fylkesårsmøtet i Møre og Romsdal SV. Klimameldinga er også ei sak som vil setje regjeringssamarbeidet på prøve.
– Mykje tyder på at det blir vanskeleg å få arbeidarpartiet med på ein offensiv klimapolitikk. Denne saka er så viktig at SV må ut av regjeringa om vi ikkje får med oss arbeidarpartiet, seier Ingrid Opedal som representerer SV i fylkestinget.
- Les også:
- Les også:
– Utfordrar på miljø
Tidlegare stortingsrepresentant for SV, Bjørn Jacobsen meiner også at fleire av sakene som skal avgjerast i 2012 kan føre til at SV går ut av regjeringa.
– Vi utfordrar Arbeidarpatiet på fleire konkrete saker. Vikarbyrådirektivet er ei av sakene. Og klarer vi ikkje å gjere meir for miljøet i regjeringa enn ved å stå utanfor, må vi ut av regjeringa, seier Bjørn Jacobsen.
– Kor viktig blir klimameldinga?
– Vi må vere tindrande klare: Vi må vinne klimameldinga. Miljøet treng det og verda treng det, seier Bjørn Jacobsen.