– Sunnmøre kan sjå til Vestland

Leiar av Framstegspartiet si fylkestingsgruppe, Frank Sve, fryktar at økonomisk motiverte val i Helse Møre og Romsdal og Helse Midt-Noreg skal føre til ei utarming av sjukehusa i Ålesund og Volda.

– Mange på Sunnmøre snakkar no ope om at Sunnmøre bør knyte seg opp mot Helse Vest og Haukeland sjukehus i staden for Helse Midt-Noreg og St.Olavs sjukehus, seier Sve.

Blir kutta i Ålesund og Volda gjennomførte er vegen til Vestlandet svært kort for Sunnmøre sin del, seier Sve.

Sve ønskjer at det blir organisert ein fagdag i samband med ei fylkestingssamling der det kjem representantar frå regjeringa, Helse Midt-Noreg, Helse Møre og Romsdal og brukar- og fagorganisasjonar.

Frank Sve
Foto: Roar Halten / NRK