– Strengare regulering må til

Forureininga i verdsarvfjordane må vekk. Det meiner Verdsarvrådet for Vestnorsk fjordlandskap. Dei skriv i ei pressemelding i dag at dei helsar strengare regulering i verdsarvfjordane velkomen. – Ei strengare regulering av verdsarvfjordane er heilt nødvendig for å få bukt med forureininga, er beskjeden i meldinga, som kjem i samband med at høyringsfristen rundt regelverket hos Sjøfartsdirektoratet går ut i dag.

Geiranger
Foto: Remi Sagen / NRK