Hopp til innhold

– Stordal er ein flott plass å bu

Forbrukarrådets kommunetest har kåra Stordal kommune til den nest beste kommunen i landet. Det overraskar ikkje innbyggarane i kommunen.

May-Britt Stavseng og Ingjerd Øyen

Innflyttarane May-Britt Stavseng og Ingjerd Øyen synest det er flott å bu i Stordal.

Foto: Torild Øvrelid / NRK

I Stordal sentrum er May-Britt Stavseng og Ingjerd Øyen godt i gang med å pynte sentrum med fargerike blomster. Dei er ikkje overraska over at Stordal kommune kjem godt ut i Forbrukarrådets kåring av landets beste kommunar.

Stordal Kommune

Stordal kommune gjorde det svært godt på Forbrukarrådet sin kommunetest.

Foto: Torild Øvrelid / NRK

– Det er veldig triveleg å bu her. No nærmar det seg 50 år sidan eg kom hit som innflyttar. Samhaldet er godt og dugnadsånda er stor, seier Stavseng.

Trass i at Storsal ikkje er den største kommunen, meiner dei to at det ikkje er for lite.

– Stordal er ein flott plass å bu. Eg føler meg trygg her, det er godt at naboane bryr seg, seier Øyen.

Lite, men ope samfunn

Kommunane i kåringa er testa på service, tilgjengelegheit og informasjon. Dei som gjennomførte undersøkinga ringde til kommunen og lata som om dei var privatpersonar som hadde forskjellige ærend eller spørsmål om tenestene i kommunen.

Alexander Oudijk

Alexander Oudijk har jobba på servicekontoret i Stordal dei fire siste åra.

Foto: Torild Øvrelid / NRK

På servicekontoret i Stordal sit Alexander Oudijk. Han er ein av dei som har tatt imot desse samtalane frå Forbrukarrådet. Han flytta til Noreg frå Nederland for sju år sidan, og har jobba på servicekontoret i fire år.

– Eg synest det er bra at vi blir testa slik at vi kan bli betre, det er alltid rom for forbetringspotensial, seier Oudijk.

Han synest at Stordal er ein fantastisk plass å bu.

– Stordal er eit lite, men ope samfunn. Folk hjelper kvarandre og dugnadsånda er veldig stor her. Er det noko så stiller folk opp automatisk, seier Oudijk.

Han synest det er lite som kan måle seg bed Stordal.

– Eg har reist mykje rundt i Noreg, men Stordal er noko spesielt. Her har du fjord og fjell og tur moglegheiter like utanfor døra.

SFO barn leker flasketuten, vegkryss i stordal, inn på servicetorget, ordfører kommer, tot bygda, skoleelever arbeider, barn leker ute, lærere på arbeidsrommet,

Sjå også tv-reportasjen frå Stordal.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL