Hopp til innhold

– Steng doparane ute på livstid

Syklisten Knut Anders Fostervold tek til orde for utestenging på livstid for idrettsutøvarar som blir tekne for alvorleg doping. Han vil også ha strenge straffer for leiarar og andre som legg til rette for at idrettsutøvarar kan dope seg.

Knut Anders Fostervold

Syklisten Knut Anders Fostervold meiner at dei som blir tekne for alvorleg doping må stengjast ute på livstid.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

Knut Anders Fostervold har vore i Noregstoppen i fleire idrettar. Som profesjonell fotballspelar er han mest kjend frå Molde, og har også spelt i utlandet som profesjonell i Grimsby Town FC.

Då han la opp i 2002 satsa han på sykling. I løpet av kort tid blei han ein av Noregs beste syklistar, og har mellom anna norsk rekord på 10 og 20 kilometer temposykling.

– Utruleg skuffa over Kjærgaard

No er han skaka etter avsløringane som har kome om doping i det norske sykkelmiljøet.

– Eg er utruleg skuffa over Steffen Kjærgaard. Men eg er ikkje så veldig overraska. Han tilhøyrde eit system som var pill råttent, med pill rotne folk. Han kunne ikkje ha vore med på det laget og sykle på den måten utan at han var villig til å vere med på det som skjedde der, seier Knut Anders Fostervold.

Steffen Kjærgaard vedgjekk tysdag at han har brukt oping i karrieren som proffsyklist. Han fortalde at han sjølv tok initiativ til EPO-bruk, og at dopinga blei meir systematisk då han blei ein del av det amerikanske laget US Postal.

– Start frå null igjen

Knut Andreas Fostervold vonar at fleire no står fram, og at tilliten til sykkelsporten kan byggjast opp att.

– Det er bra at dette kjem fram. Det vil også vere ein fordel om andre som har dopa seg står fram. Då kan vi begynne på null og byggje sykkelsporten opp att, seier Fostervold til NRK.

– Fleire må stå fram

Knut Anders Fostervold arbeider no som idrettslærar ved Høgtun folkehøgskule på Gjemnes i Møre og Romsdal. Gjennom karrieren som syklist har han sett og høyrt ting som har vekt mistanke om at konkurrentar dopa seg.

– Det har vore mange mistankar, mot enkeltutøvarar, mot lang og mot land. Eg vonar at det som har skjedd dei siste dagane kan gjere det lettare for andre å vedgå det dei har gjort, seier han.

– Andre er like ille

Fostervold har ein mangslungen idrettskarriere bak seg, og har oppnådd resultat i fleire idrettar. Han meiner at sykkelsporten ikkje står i noka særstilling, heller ikkje når det gjeld doping.

– Sykkelsporten er neppe spesiell i denne samanhengen. Det er heilt sikkert andre idrettar som har vel så mange tilfelle. Friidrett med langdistanseløping har garantert mange saker. Det har vore lite testing og lite som har vore teke tak i, seier Fostervold.

Fostervold legg vekt på at sykkelsporten har teke tak i dopingproblematikken. Han etterlyser like stor antidopingaktivitet i andre idrettar.

– Nokre idrettar har nærmast fått leve i fred og ro. Meir ville kome opp om ein verkeleg byrja å grave i ting, meiner han.

– Steng dei ute på livstid

Straff er noko av det viktigaste som må til for å bekjempe doping, ifølgje Fostervold. Haldningskampanjar er vel og bra, meiner han. Men det mest effektive er strenge straffer.

– Straffa må vere så hard at det ikkje er freistande å prøve å dope seg ein gong. Vi kan ikkje operere med latterleg låge straffer på noko som er så alvorleg. Vi må ha lange straffer og gjerne livstidsstraff på alvorleg doping, seier han.

Fostervold seier til NRK at det ikkje berre er dei aktive utøvarane som må straffast. Bak kvar utøvar står både leiarar, organisatorar og helsepersonell. Også desse må kallast inn på teppet når doping blir avslørt.

– Leiarar og andre som har vore med på å sørgje for at doping kan skje må også straffast på same måte. Det må innførast karantenar og utestengingar for desse også, seier Fostervold til NRK.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL