Hopp til innhold

– Spretter sjampanjen og kjøper ny bil

Like før klokka fire laurdag ettermiddag leverte mannen frå Grøa i Sunndal ein Jokerkupong via mobilen. Det gjorde han rett i.

Norsk Tipping

GLEDA SEG MED VINNAREN: Programleiar Ingeborg Myhre Ludlow synest det var veldig hyggeleg at laurdagens Jokerkandidat klatra heilt til topps.

Foto: Norsk Tipping

Nokre få timer seinare blei han nemleg millionær.

Laurdag blei det verkeleg god laurdagsstemning heime i stova til ein 53 år gamal mann frå Grøa i Sunndal. Mannen blei trekt ut som kveldens Jokerkandidat, og fekk ein telefon han seint vil gløyme.

– No er det full jubel i stova her. Eg fekk ei sjampanjeflaske i sommar, og den skal vi sprette i kveld, sa vinnaren til Norsk Tipping laurdag kveld.

– Det er nesten så eg ikkje trur det er sant. Eg hadde aldri trudd at dette skulle skje meg, la han til lattermildt.

Heldt på å gløyme det

Mannen hadde ikkje sjølv anledning til å delta i trekninga, så det var opp til datamaskina å gjere vala. Allereie frå start var mannen sikra 621.000 kroner, og var "steinnøgd" med det. Likevel stoppa det ikkje der. Den heldige mannen frå Sunndal klatra heilt til topps og blei med det 3.107.000 kroner rikare.

53-åringen hadde leverte både Lotto og Joker heimanfrå eit par timar før spelestopp, men heldt på å gløyme heile tippinga.

– Laurdag ettermiddag spurte kona meg om eg hadde levert, og da kom eg på at det hadde eg jo ikkje gjort, seier han.

– Da tok eg opp mobilen og leverte frå stova med ein gang, og det var det jo jammen bra at eg gjorde, legger han til.

Kjøper ny bil

Vinnaren seier til Norsk Tipping at han har fleire ting han ynskjer å bruke premien på. Blant anna vurderar han å kjøpe noko han har hatt veldig lyst på.

– Eg er veldig interessert i veteranbilar, så det spørst om eg ikkje må kjøpe meg ein, seier han.