NRK Meny

– Som den første forelskinga

– Å få lov til å byggje opp noko, tilsetje dei ein vil samarbeide med og oppdage alt dei har å fare med, er som den første forelskinga. Det seier Ottar Grepstad (64) som no har sagt opp stillinga si i Nynorsk kultursentrum og blir pensjonist frå 1. november 2018. Grepstad blei tilsett som direktør i 1999. I eit ordinært møte neste veke fastset styret prosessen med å finne etterfølgjaren. Det skriv Nynorsk kultursentrum i ei pressemelding.

Ottar Grepstad
Foto: Nynorsk kultursentrum