Full bodkrig
Dermed er bodkrigen om Fellesbanken i Molde i full gang. Det spanande no er kor høgt SpareBank 1 Midt-Norge vil legge seg når dei kjem med sitt nye tilbod som er varsla å kome klokka 14 i ettermiddag.
Ei krone opp
Det nye tilbodet frå Sparebanken Møre er på 162 kroner per aksje, og dette er ei krone over tilbodet frå SpareBank 1 Midt-Norge. Styret har ikkje gjort andre endringar i tilbodet til aksjonærane, men dei har bede Konkurransetilsynet om løyve til å eige inntil 50,1 prosent av aksjane i banken og dermed sikre seg kontroll. Reglane tilseier at ein bank ikkje kan eige mellom 20 og 67 prosent i ein annan bank utan løyve frå tilsynet.
Meir enn pengar
Aksjonærane tener på kampen om Fellesbanken, men for fleire av aksjonærane og leiinga i banken handlar dette om meir enn pengar. Lokal tilknyting og identitet spelar ei stor rolle.
For oppkjøparane, som er Sparebanken Møre i Ålesund og SpareBank 1 Midt-Norge i Trondheim, handlar det om å få marknadsmakt og hindre at konkurrenten etablerer seg i eit potensielt interressant område for begge bankane.
– Vil svare
Marvin Wiseth
SpareBank 1 Midt-Norge kjem til å svare med eit nytt og høgare bod i ettermiddag, seier kommunikasjonsdirektør Marvin Wiseth.
– Smertegrensa nådd
Administrerande direktør i Sparebanken Møre, Olav Arne Fiskerstrand, seier smertegrensa snart er nådd.
– No har aksjonærane fått maksimalt ut av verdiane sine i Romsdals Fellesbank, og det er heilt klart at vi byrjar å nærme oss ei smertegrense.
SpareBank 1 Midt-Norge har varsla at dei vil kome med eit bod som er høgare en Sparebanken Møre sitt i ettermiddag. Til det seier Fiskerstrand at dei vil vurdere om dei skal svare på det når dei ser kva trønderane kjem med.