Hopp til innhold

– Småfestivaler har blitt ein trend

Over heile sommar-Noreg dukkar det opp små festivalar. – Det har blitt så mange at vi kan snakke om ein trend, seier festivalforskar.

Indiefjord-festivalen

Systrene Silja Haddal Mork og Ingvild Mork er i innspurten til årets Indiefjord-festival.

Foto: Lars Ivar Nordal / NRK

Til helga er det klart for den tredje Indiefjord-festivalen. Festivalen blir arrangert i den vesle bygda Bjørke inst i Hjørundfjorden. No er dei i gang med dei siste førebuingane.

I heilt unike omgjevnader får publikum oppleve indiepop av internasjonalt kaliber, her er utandørs yoga, guida fosseturar, utstillingar, marknad og servering av både svele og falafel.

indiefjord

Dette er frå Indiefjord-festivalen i 2015. Festivalen går føre seg i heilt spesielle omgjevnader.

Foto: indiefjord

– Ei magisk helg

Festivalen blir av mange omtalt som ei magisk helg, blant ville fjell ved den djupe fjorden. Det blir konsertar i kyrkja, i ungdomshuset og i eit tun frå mellomalderen, Det skal vere lite og intimt, noko som både publikum og artistane set pris på.

Indiefjord kunne ikkje ha vore arrangert nokon annan stad. Det får vi også tilbakemeldingar på heile tida. Det handlar om folka på Bjørke, miljøet her og kjensla du får når du køyrer ned dalen og kjem til denne staden som du likesom aldri kunne tru at han eksisterte, seier arrangør Silja Haddal Mork.

Lågt budsjett

Indiefjord-festivalen er ein lågbudsjett-festival. Og festivalen legg ikkje opp til å sikre seg store overskot.

– Alt vi får inn går tilbake til banda. Og musikarane kjem ikkje hit på grunn av pengane. Dei kjem på grunn av Bjørke. Ryktet om bygda og festivalen har spreidd seg. Dei har sett bilete og folk herifrå. Dei kjem for å dra på ferie og vi dekkjer reisa deira. Dei veit at det er ein viss risiko, seier Haddal Mork.

Indiefjord er slett ikkje den einaste minifestivalen i sommar-Noreg. Alt neste helg er det Geiranger Electro-festival. Denne festivalen går føre seg i ein låve ved dei spektakulære Ørnesvingane. På vesle Haramsøya i Haram går også Havgaprock, ein nystarta festival som lokkar med saftige, deilige, fintspelande og hardtslåande rockeband.

indiefjord

Dette er også festivalstemning. Ute på eit jorde på Bjørke i Hjørundfjorden.

Foto: indiefjord

– Rom for fleire lågbudsjett-festivalar

Fellesnemnaren for dei små festivalane er låge budsjett, låge prisar og høg takhøgd. Festivalforskar og professor ved Høgskulen i Stavanger, Reidar Mykletun, meiner småfestivalane representerer ein trend som går over landet.

– Dette er ei naturleg følgje av at det dei siste 18 åra har vakse fram store, svære festivalar. Desse festivalane er dyre og kompliserte å arrangere. Dermed vil det kome andre som prøvar seg med andre løysingar, seier Mykletun.

Mykletun ser at det vil kome fleire alternativ til dei store festivalane. Og små festivalar har fleire fordelar samanlikna med dei store.

Her går det med ein eller to dagar til ein slik fest, medan dei største av dei store varar nesten ei veke. Dei kostar mykje meir og tek meir krefter. Eg trur vi vil sjå framvekst av fleire småfestivalar. Nokre av dei store er som dinosaurar og kjem til å døy ut, seier festival-professoren.

Internasjonalt miljø

Det er både lokale og internasjonale artistar på scena under Indiefjord-festivalen. Sunnmøringen Robert Post har konsert. På lista finn vi også namn som Davina Shell from Thee Ahs frå Canada og Nederland, Lyla Foy frå Storbritannia og Feivel frå Sverige. På dei to dagane får 13 artistar eller band opptre. Men Indiefjord har ingen ambisjonar om å vekse.

– Vi vil halde festivalen liten. Vi har lurt på om festivalen i år har blitt litt for stor. Vi skal i alle fall passe på at det heile tida er trygg og venleg stemning her. Alle skal respektere Bjørke-folket og naturen her. Vi håpar vi har funne den rette størrelsen i år, seier Silja Haddal Mork.