Hopp til innhold

– Skulle gjerne kutta ut Kristiansund

Toppsjefen i Hurtigruten seier dei ville ha droppa Kristiansund tvert, om dei ikkje hadde statlege forpliktingar.

Hurtigruten-sjef Daniel Skjeldam

Hurtigrute-toppsjefen Daniel Skjeldam er ikkje redd for å fyre laus mot hamnevesenet i Kristiansund.

Foto: Bjørnbakk,Jan-Morten / NTB scanpix

Adm.dir. Daniel Skjeldam går kraftig ut mot hamnevesenet i Kristiansund. Han seier Kristiansund Havn i ei årrekke har kravd mange millionar kroner for mykje i anløpsavgifter.

– Konflikten mellom oss og hamnevesenet er svært negativ for næringsutviklinga i nordmørsbyen, seier Daniel Skjeldam til NRK Møre og Romsdal. Han er toppsjef i Hurtigruten.

MS Spitsbergen og MS Lofoten

Toppsjefen i Hurtigruten meiner det er alvorleg for nærings- og reiselivet i Kristiansund at hamnevesenet er i konflikt med ein så stor aktør.

Foto: Stein Lillebo / Hurtigruten

– Du brukar ikkje ein butikk som gong på gong overfakturerer kredittkortet ditt. Då sluttar du å handle der. Det bør Kristiansund Havn skjønne.

Skjeldam er krystallklar på at om Hurtigruten hadde hatt høve til å kutte ut Kristiansund som anløpsstad, så ville dei gjort det straks.

– Fiendtleg mot kundane

– Når hamnevesenet er direkte fiendtleg mot kundane sine, så slår det tilbake mot byen. Det er synd, for Kristiansund er ein fantastisk by med eit stort potensial.

Hurtigruten har klagd Kristiansund Havn inn til Kystverket. Dei meiner å ha blitt overfakturert for 18 millionar kroner over nokre få år.

Arnt Helge Honstad, hamnesjef, Kristiansund

– Vi har anka saka til departementet, seier hamnesjef Arnt Helge Honstad i Kristiansund.

Foto: Privat

– Dette har hamnevesenet i Kristiansund fått klar beskjed om å rydde opp i. Det har dei berre sett vekk ifrå. Får dei halde på slik, kan det fort bli ei negativ utvikling for heile byen, seier Daniel Skjeldum.

Har anka saka

Hamnesjef Arnt Helge Honstad i Kristiansund seier til NRK at dei har anka til samferdselsdepartementet avgjerda om at dei skal føre tilbake avløpsavgifter: – Vi meiner saka ikkje er rett behandla.

Hamnesjefen seier dei vil halde fram med å krevje inn anløpsavgifter som før, til saka er avgjort.

Kristiansund havn

Toppsjefen i Hurtigruten meiner hamnevesenet sin opptreden er svært skadeleg for nærings- og reiselivet i nordmørsbyen.

Foto: Ingvar Sæther

– Skadeleg for reiselivet

Hurtigrutesjefen meiner det verste er at Kristiansund Havn går i konflikt med ein av sine største brukarar:

– Dette er svært skadeleg for reiselivet, og det er berre negativt i ein by med store moglegheiter for ekspansjon, seier han.

– Hadde vi hatt høve til å kutte ut Kristiansund, så hadde vi gjort det tvert, seier toppsjefen i Hurtigruten til NRK.