Hopp til innhold

– Regjeringa skrur klokka 150 år tilbake

Direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum kjem med sterk kritikk av den nye regjeringa, som ønskjer å oppløyse lova om målbruk i offentleg teneste

Ottar Grepstad

Grepstad minner om at det er viktig å ta vare på eit skriftspråk som har vist seg å vere såpass robust som nynorsken.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

I regjeringserklæringa går Høgre og Framstegspartiet inn for å greie ut tiltak som kan betre opplæringa i nynorsk for bokmålsbrukarar.

Direktøren i Nynorsk kultursentrum er positiv til at den nye regjeringa vil styrke opplæringa i sidemål, men han er aldeles ikkje nøgd med at regjeringa vil gjere det valfritt med bruk av nynorsk i offentlege instansar som til dømes kommunane.

Det skriv Nynorsk Kultursentrum på si heimeside.

– Grunnregelen i mållova innførte Danmark alt i 1850-åra i grenseområdet mot Tyskland og har vore norsk politikk i nesten 100 år. Regjeringspartia gjekk til val på nye idear, men hentar her fram ein forelda idé frå tidleg 1800-tal. Dei skrur klokka 150 år tilbake, seier Ottar Grepstad.

Ikkje fleirtal for endring av mållova

Dersom regjeringa fremmer ei slik lovendring, reknar Grepstad med at eit breitt stortingsfleirtal vil avvise framlegget.

– Det er eit sunt og demokratisk prinsipp at folkevalde organ avgjer kva offentleg tilsette skal gjere. Offentleg tilsette arbeider på vegner av oss alle og skal ikkje vere privatpraktiserande byråkratar, seier Grepstad.

Han ønskjer likevel ein sakleg og konstruktiv debatt velkomen, så sant grunnleggjande krav om språklege rettar og språkpolitiske prinsipp for jamstilling står fast.

– Språkpolitikken må sjå lenger enn til språket

Ettersom sentraliseringa aukar og avstandane vert stadig kortare, trur Grepstad rammevilkåra for bruk av nynorsk kan verte meir påverka av folkeflytting enn av språk- og utdanningspolitiske tiltak.

Han minner om at det er viktig å ta vare på eit skriftspråk som har vist seg å vere såpass robust som nynorsken.

– Der bruken av nynorsk står sterkt, er det få som vel bort dette språket. Når folkeveksten stort sett kjem i område med lite bruk av nynorsk, blir det også relativt færre nynorskbrukarar i skulen. Nynorsk er faktisk blant dei hundre mest robuste språka i verda, og det ser ut til at jamt fleire i nærings- og arbeidsliv bruker nynorsk, seier direktøren.