– Skodje kan vere nøkkelen til storkommunen på Sunnmøre

Kva politikarane i Skodje gjer er avgjerande for om det blir ein storkommune på Sunnmøre. Framleis er det ikkje bestemt kva veg politikarane vil gå.

Terje Vadset

Ordførar i Skodje kommune, Terje Vadset (Frp), meiner at dei sit med nøkkelen til ei storkommune på Sunnmøre.

Foto: Trond Vestre / NRK

Politikarane i Skodje har ikkje bestemt seg for om kommunen skal slå seg saman med Ålesund eller velje ei anna løysing. 13 kommunar deltar i arbeidet med å etablere ein storkommune.

På grunn av den geografiske plasseringa kjem Skodje sitt vegval til å bli avgjerande for om dette blir noko av. Skodje er ein nøkkelkommune, seier ordførar Terje Vadset (Frp).

– Vi er fullstendig klar over korleis Skodje ligg plassert, og det gjer at vi set med nøkkelen.

Radikale forandringar

Jan Tore Sanner

Kommunalminister Jan Tore Sanner oser storkommuneprosjektet på Sunnmøre.

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

Tida for dei små kommunane kan snart vere over. Eit fleirtal på Stortinget vil forandre Kommune-Noreg, og forandringane kan bli radikale.

På Sunnmøre kan 13 kommunar ende opp som ein storkommune med over 100 000 innbyggarar. Alt for stort, meiner enkelte, medan andre applauderer planane.

– Det er eit godt utgangspunkt at ein startar med heile regionen for å sjå kva for utfordringar ein samla står overfor, seier kommunalminister Jan Tore Sanner.

Kari Grindvik

Varaordførar i Skodje, Kari Grindvik (V).

Foto: Trond Vestre / NRK

Han roser storkommuneprosjektet på Sunnmøre. Men det er opp til kommunane sjølv å avgjere om dei vil vere med. Jo fleire som seier nei er sjansen større for at heile prosjektet raknar.

Og kva Skodje seier kan bli heilt avgjerande.

– Eg ser absolutt ikkje vekk i frå at vi kan slå oss saman med Ålesund. Vi har ingen vidaregåande skular eller høgskular i vår kommune, så vi er difor avhengig av tilbodet

Modolf Hareide

Modolf Hareide (Sp) er veldig usikker på om Skodje kjem til å slutte seg til Ålesund.

Foto: Trond Vestre / NRK

som Ålesund har, seier varaordførar Kari Grindvik (V).

Eitt år igjen

Politikarane har eitt år på å bestemme seg. Det er eit ope spørsmål, seier Modolf Hareide (Sp).

– Det er usikkert. Eg trur at mange er skeptiske til ein veldig stor kommune, men det kan endre seg, seier han.