– Skissa er positiv for bypakken 

Høgres Øystein Tvedt meiner at bompengeskissa som statsminister Erna Solberg la fram fredag er godt nytt for bypakken i Ålesund. Han er ueinig med Frank Sve (Frp) som meiner at skissa vil føre til ei utsetting av bypakken. – Eg er ueinig i måten han har tolka det på. Regjeringa bekreftar på den eine sida at dei framleis er for ein ny bypakke i Ålesund. Den ligg inne i nasjonal transportplan, og skissa endrar ikkje dette. På den andre sida håper vi at dette vil gi det nye kommunestyret ei ny moglegheit til å revidere innhaldet i bypakken, og at vi då vil få inn Brosundtunnelen i planane, seier Tvedt.

Øystein Tvedt
Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK