Hopp til innhold

– Skal skape lidenskap og engasjement

I dag møter Geir Steinar Vik til sin tredje dag som dagleg leiar i Aalesunds Fotballklubb.

Geir Steinar Vik

Geir Steinar Vik hadde tysdag sin andre dag på jobb som dagleg leiar i AaFK. No set han i gang arbeidet med å skape endå meir engasjement rundt klubben i sunnmørs-hovudstaden.

Foto: Terje Reite / NRK

På Color Line Stadion i Ålesund er Geir Steinar Vik i full gang med å installere seg på det nye kontoret sitt. Då er det ikkje berre permar og avtalebok som skal på plass. Han går direkte laus på å snakke med staben om strategiar og planar.

– Dette er ein fantastisk arbeidsplass og ein fantastisk flott gjeng, seier han i det vi bevegar oss ut av korridorane under stadion og ut på tribunane.

– Gler oss til lokalderby

Ute på det grøne kunstgraset er spelarane i ferd med å førebu seg på lokaloppgjeret mot Molde. Mot slutten av treninga er det ballspel på ei lita flate på bana som går føre seg. Trenar Trond Fredriksen dirigerer, assistenttrenar Anton Joore og fysioterapeut Jonas Nordahl følgjer med på det som skjer. På sidelinja står Bjørn Helge Riise med ein lei skade i ryggen. Han har tydeleg lyst til å vere med ute på matta.

– Vi gler oss enormt til kampen mot Molde. Eg vonar vi verkeleg får skikkeleg stemning på tribunane. På bana blir det tøffe tak, det blir det mellom to lokale lag, seier Geir Steinar Vik.

– Lidenskap og engasjement

Geir Steinar Vik tek over etter ein av dei norske idrettsleiarane som har site lengst i stillinga si, nemleg den mangeårige klubbdirektøren Henrik Hoff. I klubben har det skjedd fleire endringar i staben, med blant andre Bjørn Erik Melland som sportsleg leiar. Geir Steinar Vik får eit totalansvar for drifta av klubben.

– Sport er kjerneområdet vårt. Det handlar om å byggje klubb og organisasjon. Sport er sluttproduktet vårt. Det er det vi skal leve av, seier Vik.

Vik kjem frå reiselivsnæringa, der han har vore reiselivssjef i Destinasjon Ålesund og Sunnmøre. Han ser fleire likskapar mellom å jobbe med reiseliv og å jobbe i ein klubb i den norske Eliteserien.

– Det handlar om aktivitetar og opplevingar. Og det handlar om kultur og underhaldning. Aalesunds Fotballklubb er ein av dei største kulturaktørane i Møre og Romsdal. Vi skal skape lidenskap og engasjement på heile Sunnmøre.

– Står sterkt på Sunnmøre

Aalesund rykka opp i øvste divisjon i norsk fotball første gong i 2002. I serien er dei beste resultata to fjerdeplassar. Og i premiesamlinga til AaFK finn vi også pokalane etter to cupfinale-sigrar. Tidleg på 2000-talet utprega AaFK seg med stor stemning og nesten fulle tribunar på nesten kvar einaste kamp, både i øvste divisjon og i førstedivisjon. Dei siste åra har det vore meir glissent på tribunane.

– AaFK står framleis sterkt på store deler av Sunnmøre. Til kampen mot Sogndal var det til dømes sett opp eigen buss frå Stranda. Mange over heile Sunnmøre følgjer med på kva som skjer i klubben. Og det heng oransje flagg på kampdagane i fleire bygder. Men det er riktig at engasjementet var større då toppfotball var nytt i Ålesund og på store deler av Sunnmøre. Så no handlar det om å gjenskape mykje av denne stemninga. Laget har prestert svært godt i år. Dei spelar god, attraktiv, offensiv fotball. No skal vi jobbe på marknadssida for å fylle tribunane, seier Geir Steinar Vik.

– Samarbeid

Geir Steinar Vik er svært bevisst på at det ikkje berre er dei sportslege prestasjonane som kan vere med å få folk tilbake til tribunane. Det handlar også om å byggje identitet og fellesskap.

– Det handlar sjølvsagt om dei kortsiktige tinga som skjer på bana. Men vi må også tenkje langsiktig i forhold til spelarutvikling, akademi og samarbeid med breiddeklubbane. Det er viktig at unge spelarar i heile området ser på AaFK som ein arena for si eiga utvikling, og også som springbrett vidare ut i Europa.

– Spennande spelarlogistikk

Den nye sjefen på Color Line Stadion vedgår at AaFK og andre klubbar går spennande veker i møte. Om ikkje lenge opnar overgangsvindauget. Spelarar kan vere på veg bort frå klubben og kanskje er spelarar på veg inn.

– No har vi ei god sportsavdeling som har god kontroll på dette området. Men tida i og rundt overgangsvindauget er absolutt ei spennande tid.

– Men ute på bana spring det no fleire som kan vere på veg bort?

Sånn vil det alltid vere. Denne mobiliteten ser vi i alle klubbar. Nokre er på utgåande kontraktar, andre gjer seg attraktive for andre klubbar. Dette er ein del av gamet. Vi ønskjer også å vere ein seljande klubb. Vi vil utvikle spelarar og gje dei eit springbrett vidare. Dette har AaFK ei gangske god historie på.

– Vil ta Molde for tredje gong i år

Og i første veka som dagleg leiar i AaFK er Geir Steinar Vik med på førebuinga til eitt av høgdepunkta i sesongen, nemleg heimekampen mot den lokale rivalen Molde. I år ligg dei to klubbane nærare kvarandre enn det som har vore vanleg dei siste sesongane.

– Vi håpar på svært god stemning, ein tett og god kamp og vi vonar vi skal ta Molde for tredje gong i år, medrekna generalprøva i april. Dette er to lag som begge kjempar i toppen. Begge treng poeng. Det blir ein tøff og god kamp, seier Geir Steinar Vik.